20 oktober 2009

føremiddag

i bodø. skal vandra til norsk luftfartsmuseum og ha to konsertar for skuleborn som har sett på edderkoppar og kravlande kryp av ulikt slag. igår holdt eg ein svær tarantella i nevane. overraskande at eg ville det! overraska meg sjølv rett og slett. regn og vind i bodø. for det meste det. kvar gong eg har vore her og det begynnar å bli nokre gonger. men eg likar meg her, ein rufsete by med ein mildt sagt rufsete arkitektur. no skal dei bygga kulturkvartal midt på kaia også. skal bli spennande å sjå kva for ein estetikk dei velger på det bygget i lys av alt det andre som har fått byggeløyve her. Men som sagt, eg likar meg her. så er det sagt. noko i lynnet til nordlendinger er likt sogningen sitt, trur eg. og no må eg pakka horna og komma meg avstad. isungset, edderkoppane og luftfartsmuseumet ventar.... ventar -

16 oktober 2009

togvugg

vuggar på toget og er snart på Lillehammer. Her skal det spelast på Dølajazz09. har ikkje spelt på den festivalen sidan 1995 trur eg. øving idag med maren selvaag og erland dahlen. gledar meg til det. til å spela. det er jo det eg skal her i verdi. skal og må. mest. konsert med nevnte duo klokka 14.00 laurdagen og konsert med eple trio kl 20.00. tett program men me likar det. blir sikkert mange kjende å sjå, og muligheit for å høyra nokre konsertar ikveld vil eg tru. no ligg mjøsa og krusar på venstre side og skogane er gule. det lir mot vinter - som kjent. den kjem og går - som jazzfestivaljobbane.

12 oktober 2009

entrepenør-helvetet

på Årdalstangen finst det ein kakse (nei det finst mange) men eg tenkjer på son og son og soneson og sonesons son av ein av storbondane i denne bygda. dei er alle biten av maskinkøyrarsjuken og har nærast vakse opp, ja faktisk så HAR dei vakse opp i kahytten på ei gravemaskin, i ein lastebil eller ein hjullastar. det er heilt naturleg for dei å starta og bruka desse helvetes bråkemaskinene kor tid som helst på døgnet. det har seg slik at rett overfor elva ligg sandtaket som dei hentar ut sand ifrå og tippar og sorterer ulike slags såkalte massar som jord, singel, grus og sand - m. meir. i skrivande stund, ein mandagskveld klokka kvart på ti er ein av dei (antageleg seksten eller sytten eller atten-åringen) i gang med å flytta nokre kjempesteinar i grabben sin. det lagar eit sant helvetes leven! rett over elva for huset der eg sit og prøver å arbeid med noko som på ingen måte krev slike lydar. tenk om eg som musikar skulle ha opptrådd like respektlaust overfor det å laga lyd, f.eks øva på hornet mitt? puh, der sette han seg i lastebilen og køyrde heim. sikkert for å sjå lastebil-løp eller gravemaskin-konkurransar på tv :-) du kan ta deg fan på at han eller faren eller sonen eller sonesonen er igang klokka sju imorgon tidleg.

10 oktober 2009

det er stille

på årdalstangen. særleg om helgane. hydro driv ikkje med transport av råstoffet oksyd eller aluminium heller - denne helgi iallfall. elvi er liti. liene er gule og toppane har kvit snø. himmelen var heilt blå idag. no er den svart. eit slags prospektkort. postkort å senda ut i verdi. eg prøver å få til noko
av noko. ikkje alltid like lett og det tek alltid lenger tid enn ein gjerne vil, som kjent. tid å komma inn i det, gå ut av det, få det til. Serego Aligiheri Possessioni Rosso 2007 hjelp neppe. men er god. godt. eg har ei raud lyspære i ein eldgammal utekuppel hengande her i skriverommet. raudt lys. raud vin. greit. imorgon skal eg spela i bergen - igjen.... det gledar eg meg til... igjen....
for born. så dreg eg inn her igjen eit døgn. gledar meg til det også. kanskje får eg til noko - då, no?