28 desember 2013

om og om igjen

eg hadde tenkt å legga ut diktet mitt snølykt - frå kvit frekvens, stille spor
men eg gjer ikkje det
eg skriv eit nytt. her og no


om og om igjen
tikkar tidi

så eg kan sjå det
sjå jentene mine bli
den dei er
den ho og ho er
sjå meg sjølv bli
den eg er i den eg var
alltid har vore

tidi går
eg undrar meg på kvar den går

tikkar tidi
om og om igjen