19 november 2016

KS4 NordicBalm Japan 2016


Så er reisen igang. Den som har vore planlagt sidan april 2015. Reisen er no. Livet er no. Og musikken. Det handlar altså å spela musikken sin for eit heilt nytt publikum. Det er eg spent på. Spent på korleis dei vil oppleva den, lytta på den, ta imot den. Vi kom trygt til Tokyo frå Oslo via København. Rakk å kjøpa med meg Murakami, nyleg er dei to første bøkene hans oversatt til dansk. 
Eg skriv om igår dagen etter. Livet er no og eg skriv om igår. Eg bur ikkje på det samme Tokyu-Stay hotellet som dei andre. Meir fredeleg her i Yutenji enn i Shjinjuku. Hotellkjeden spesialiserer seg tydelegvis på hotell som ligg nær tbane-tog stasjonar. Vi hadde ei fantastisk måltid igår på ein bitteliten restaurant, eit hol i veggen der vi sat rundt ein bardisk av heiltre og fekk servert rett etter rett som vi delte alle 6: Tom, Andreas, Sigurd, Jonas, Ingo og meg - Eg vil kalla det eit historisk måltid der eg for første (og siste) gang åt kokt sæd av torsk til dømes - Drakk godt japansk fatøl og litt sake. Tumla ut igjen etter 3 timar og kom meg til sengs. Her står eg utanfor den fantastiske restauranten som heitte noko slikt som "Ein før ein". Navne-afasien er på frammarsj.