22 april 2008

velkomen til spania i sol

idag kom den for fullt etter eit heftig regnvær søndag natt med lettande flagrande vind og regn og sol igår mandag.
idag. full trøkk. måtte sitta i ein time rett ut i ein stol og berre kjenna og kjenna kor den varma. langt inn. varme langt inn i knoklane. langt inn i kroppen. her på H2O Tapas sit eg i skyggen. ventar på familien - så vi kan gå ned på Burriana stranda å eta grilla fisk. namm namm. livet er ikkje så verst. eg klagar sjeldan og iallfall ikkje idag. byen nerja er passande for meg. kjenner den etter mange mange besøk dei siste ti åra. har heile veka her og skal nyta det for det det er verdt.

18 april 2008

farvel til bergen i sol

flesland er norges største pølsebu. det stinkar pølser over heile flyplassen og utvalget i pølser er stort i første, andre og tredje høgda. noko kafe eller hyggeleg restaurant eksisterar ikkje etter at du har passert tryggleikskontrollen. sit og vaglar på ein barkrakk i pølse-eimen. slik lever dei her.
no er det farvel til bergen for ei stund. det har vore flotte dagar på turne og eg tykkjer framleis det er noko eige med denne byen. det er det. både i sol som no - og i regn. eg kjem nok snart igjen skal du sjå. spania først!

13 april 2008

bloggbergenklipp

ikveld gjekk turen over fjella svært kjapt. i det eg kika ut svevde eg inn i ei kvit sky. i det eg kika ned såg eg gjennom kvite skyer tyssedal med lilletopp og kraftstasjonen ved fjorden. der har eg spela. ein fin plass å spela. i bergen regnar det. frå gata inn gjennom smuget og opp i femte høyrer eg suset frå våte bildekk køyrande over bryggen. den så vidgjetne. festplassen er tom for bilar men det er ikkje så mykje fest der likevel. penare å sjå på ja men litt gold? no kan jo bergensarane dette med fest så det byr seg nok snart eit eller fleire høve. imorgontidleg går isglem på igjen med friskt mot. det hangla litt på fredag - men min ven perkusjonisten trødde til. eg er glad for det. eg måtte heim til sjuk unge i villande fart. når kommande veke er over dreg eg rett til nerja i spania for å møta våren og pusta ut litt - før det blir nok ein lang runde med skulekonsertar. har antageleg rekord i vår - iallfall veldig lenge sidan eg har hatt så mange konsertdagar på ein vår. men det er med tre ulike prosjekt og utfordrande og kjekt. eg får spelt. det er det eg vil :-) mest

07 april 2008

bergenbloggklipp

kvinna på benken i det eg gjekk mot hotelldøra. kvinner sit på benkar i bergen. mannen utan bein, som tigga i rullestol på torgalmenningen. salget og selgarane av eit blad som heiter megafon. stemmene deira. bokhandelen. ut av mac butikken med ein firewire-kabel til kroner eithundreogtjueni i lomma. bestilling av ny blå tenorsaksofonkasse på musikk&miljø. den gamle selmerkassen er heilt skranten og utsliten og godt over ti år. den har vore med på mykje. som eigaren. sitronfarris og turmix er rikskonsertkost når det røynar på. men restaurantane ligg tettare her enn før, så det skal bli ei råd med maten. bergen er ein tilstand – som songaren syng. blir gåande her og trø i to veker. det gjeld om å nyta det. og eg gjer det.