13 november 2011

Spelferd i sør: Herrenwies


Me spelte på ein pøbb i svartaste skogen :-) Schwarzwald (Black forest), 860 moh.
Turning Point.
Den fekk fort namnet point of no return. «It is a great honour that you come to such a place like this and play your fantastic music» sa ein mann til meg etterpå. Etter opningskonserten og mottakinga i Ravensburg var det ein forholdsvis tøff overgang, kontrast, å komma inn i det rommet der me skulle ha konsert. Frå elden til oska? Iskaldt, ingen scene. Ein trang krok rett på iskaldt golv i ein smal pøbb, i kjellaren på eit stort bolighus langt ute i skogen. Der stod hyllemeter med hyllemeter med vinyl-plater i baren, og den hadde eit rikhaldig utvalg av fulle og halvtomme flasker av alle slag. Interiøret ellers var henta ut frå ein tysk skrekkfilm med ulike rekvisittar som spente frå ugler i taket, dryppstein i keramikk i det boga taket, til eit kranie i ein krok (eg sjekka ikkje om det var ekte), kjetting med armlås frå middelalderen og ulikt snadder frå hippie-tida fram til idag. «I have been doing this since 1972» sa den gråskjeggete mannen som vart meir og meir snakkesalig utover kvelden og som eg fekk sigar av til slutt! Han hadde heilt sikkert ikkje turka ein einaste støvklut eller vridd opp ei vaskefille ein einaste stad i kjellaren der sidan då. Turning Point var nedgrodd i drit rett og slett, noko som sette interiøret i ei eige lys, bokstavleg tala. Prosenten spindelvev på tak og vegger var høg.
Men dei slo av det meste av lyset ved åpningstid. Smart. Me stod i halvmørke og spelte. Eg hadde ei raud lyspære frå 70-talet (ein slik trekantkube de veit) midt i fleisen. Og Kåre og Håkon sat på trebenker i kvart sitt hjørne. Speling frå dimme krokar. Det kom folk og staden var ikkje stor. Då blir det jo fort fullt. Eg begynte å få varmen i kroppen midt i første sett etter mange timar i kulden. Medan me åt middag snurra verten vinyl. Ei forholdsvis heftig innspeling med Roland Kirk frå 1973, ljoma over god suppe med pølse i, salat og bakt feta med kvitløk og krydder. Mat kan dei her på kontinentet.
Publikum var lyttande - også her. Stemninga steig. Super respons og fleire kom bort etterpå for ein prat og for å fortelja at dei hadde hatt ei sjeldan fin oppleving. Vertskapet var også veldig nøgde. Me vart sittande i den særprega baren ei god stund utover. Det vart natt rett og slett. Fin samtale med Mick «It´s all about marketing». Han meinte eg burde skaffa meg betre marknadsførarar og fokusere på bodskap. Spissa marknadsføringa mot jazz - Han var heller ikkje i tvil om at det vi presenterte var på eit nivå langt over det den plassen presenterte til vanleg og prisa seg lykkeleg for at han hadde kome. Han var i tvil fordi det var presentert som folkemusikk også. Det likte han ikkje. Folkemusikk altså. Eg fekk noko å tenka på i forhold til branding og marknadsføring. Hadde eg berre funne ein som tente 100 % på musikken og ville hjelpa på ferda vidare! Dream on Karl.... Eg fekk med med vinyl-låtar frå Cobhams «Spectrum» Zappa´z «Live in New York» frå 1976, «Black Market» og «Wish you where here» live. Vinyl har ein eigen lyd og der i kjellaren - på den stereoen med store horn-høgtalarar i taket og sub i hjørnet, lét det utruleg tøft. Skikkeleg flashback på ein måte. Som om tida stod stille, hadde stått stille. Ei slags oppsummering: Musikken tek meg med til mange stader, også fysisk. Turning Point er ein stad eg vil hugsa. Uforgløymeleg. Men eg er ikkje sikker på om eg vil attende dit -
Var supre bassist Stefan Bergman er ivrig og suveren fotograf. Her frå vår ferd.