27 november 2009

framleis på sosialen

sidan det ikkje gjekk ann å redigere eller skriva vidare på det innlegget eg hadde begynt på. (det skal jo gå då kløne)
eg tenker at dette er ein stad eg kunne ha oppretta som stamkafé. i gode gamle ibsen, sandemose, bjørneboe og andre si ånd. sine ånder! gå hit frå kongens gate - som som kjent er ei forlenging av møllergata eller omvendt, kvar dag til eit visst tidspunkt slik at til dømes servitørane på stortorvets gjestgiveri, narvesen-tilsette på stortorvet eller damene på blaze kunne stilt klokka etter meg. foto-video butikken over gata har vel nok med å selga digitalt utstyr av ulikt kaliber.
heretter går eg på sosialen. seier eg til meg sjølv. må eller vil skriva rapportar herifrå fleire gonger enn i dag. lovar eg meg sjølv. og det er igrunn nok folk å lova noko til. biffsmørbrødet var heilt suverent godt. det er ikkje folk her ellers. ingen trur eg. er eg åleine på sosialen? ikkje andre enno antageleg. kanskje har dei vore her til lunsj og kanskje er det full trøkk ikveld. det skulle ikkje forundre meg det minste. at det er mange som går på sosialen veit me jo. det heiter nav med eit anna ord. mange er inne i navet. blir sikkert fortumla av å tumla rundt der. her sit eg. mange går forbi. ymse. kjekt å sjå.karakternorge. og der drog isbilen forbi i november. eg betalar og går. første gong på sosialen. ikkje siste.

eg sit på sosialen

det er ein nyopna stad i møllergata. eg feirar meg sjølv med eit glas chablis, og har tinga biffsmørbrød. lunsj dette. ein fredag i oslo. bilar og folk forbi uti vegen som nokon i bygda der eg kjem ifrå ville sagt. ein skal unna seg litt etter å ha arbeida så lenge med ein ting, og framlies er det sjølvsagt ikkje slutt med dette, men like fullt. eit stykke arbeid er iallfall høvla ut, så får øksene falla om og når dei fell. eg feirar litt. pittelitt. for meg sjølv. det er heilt greit. like greit. her på sosialen ein fredag mot ettermiddag og helg. der kom biffsmørbrødet på bordet. ser lovande ut. namm namm

26 november 2009

blogg og blagg

ikkje så mykje nytt anna enn at eg ser blå himmel frå arbeidsrommet i oslo sentrum der eg freistar å arbeida og noko blir vel gjort når sant skal seiast og reknskap skrivast. dette sjølv om dagane er litt bustete og må strammast inn i høve til gjeremål og arbeidsdisiplin. det er forøvrig mål eg har konstant. no må eg heim og laga middag til tvillingjenter som skal på turning. det var den dagen. det vil seia første økt.

16 november 2009

tolv komma ni kilo poesi


idag måtte eg krypa til korset og det vil seia det kom ikkje overraskande på i det heile for tidleg i haust gav forlaget melding om at poesisamlinga mi skulle makulerast. altså dei eksemplar som ikkje er solgt. eg fekk muligheiten til å bestilla rest-opplag og tjuefem eksemplar skulle til eit slags antikvariat eller lager. fekk ikkje heilt med meg innhaldet i eit brev nummer to som forlaget sendte ut, der dette med å kunne kjøp deler av restopplaget til eige bruk vart utelate. det gjekk meg hus forbi men her ein dag fekk eg melding om at det var komme ei pakke og eg tenkte med meg at det kan jo ikkje vera så mange bøker dei har sendt, samlinga vart som venta ikkje nokon bestselgar, og ikkje var den særleg tjukk heller så dette var noko eg kunne ta under armen eller i ein sekk tenkte eg. eg sjekka ikkje kiloprisen på sendinga før eg gjekk til posten. der såg eg nok overraska ut i andletsfjeset når pakken vart utlevert. det var litt poesi, for å seia det slik. tolv komma ni kilo var pakken. vegen frå økern med nesten tretten kilo poesi var lang. det var og er heller ikkje hyggeleg å tenka på at no er mange bøker sendt til grønmo eller kvar dei no sender dei? og makulert, øydelagt, destruert, til det vi kallar søppel eller luft eller biomasse. kva veit eg. resirkulert vonaleg. eg har høyrt om forfattarar som brukar poesisamlingane sine som isolasjon i skrivestovene sine. det treng eg ikkje men kassen står no her. det som er att av boka eg skreiv. eg har ikkje opna den for å sjå om det er tjuefem eller femti eller hundre bøker. litt spenning må eg ha - i kvardagen.

13 november 2009

Det er derfor

"Det er derfor de knepper så meget i dette land ......og andre eksistensielle overvejelser" av Jørgen Leth og Morten Sabroe. Kosteleg og inspirerande lesnad. to aldrandre kunstnarar skriv e-post til kvarandre i omlag eit år - og politikens forlag gjev det ut. kompromisslaust ærleg - ja. det handlar om kvinner, kjærleik, sex, alder, liv, film og musikk. det velkjente og det framande. ja det er tankevekkande og morosamt - men slett ikkje provoserande! det hevdar forlaget men det er eg ikkje med på! ikkje kjedeleg og ein vert litt klokare. ok. men provoserande? nei. laurdag i snø. mine tvillingjenter ser på "bit for bit". trøste og bære for eit program. stakkars norge som ikkje har fostra andre enn dyrhaug (muleg eg har grytt ut or meg drit om han før i denne bloggen? minnest eg vagt), og som ikkje har klart å kopiere andre tv-konsept enn dette. det er rett og slett skrekkeleg. eg har ikkje ord. kor mange år har det halde på? det må vera mange........og dette elskar det norske folk. ja dei gjer det . og dei om det.
slik sett er eg ikkje det norske folk. imorgon blir det måking av snø og saging av ved igjen..... stas!

06 november 2009

historisk


Dette skjermbildet frå studioet til Reidar Skår i 7Etage i Oslo syner det digitale lydbildet av Håkon Høgemo si hardingfele, idet han spelar inn den nye springaren som han og eg har dikta. Den får namnet Skruplar trur eg....... Ikkje så enkelt å gje seg i kast med springar - men moro. Har hatt ei flott veke med kvintetten i studio og det nærmar seg ein time og vel så det, med innspelt musikk. Albumet kjem neste haust. Lanseringsturne i November 2010. Imorgon er det konsert i Tyskland, Jameln, Platenlaase på det som skulle vera turnéen i haust. Den er vel ein fiasko nesten. Kun to jobbar og dermed ingen turne. Men konserten mandag er viktig. Leverkusener Jazztage er store - og det er radio-opptak og tv-opptak og greier. Bandet let som ei kule - så eg gledar meg. Veldig.