18 juni 2014

arbeid

det er godt muleg eg har skrive innlegg med denne tittelen før. slik er det. arbeid. det gjeld å arbeida og det gjer eg. og eg likar det. det kan provosere somme. det er snart høgsommar og mange set og legg seg ned. for å ta det med ro eller kva veit eg. eg gjer jo det eg og. set meg ned. men ordet ferie smakar løge. handlar det ikkje om å gjera litt andre ting? og ikkje nødvendigvis arbeida altså. men ein held jo på. skal berre setja seg ned og sitta der. legga seg i soli og ligga der? det er ikkje for meg. det er ikke det.
den som gjer mykje får gjort mykje. enkelt. eg arbeidar no parallelt med iallfall to eigne utgjevingar til hasuten - og ei rekke andre på NORCD. det er rikt og spennande og det er så mykje fin musikk som framleis blir spelt og produsert og gjeve ut, at eg ser optimistisk på det heile.
til helga dreg eg vest. til huset ved elvi. der blir det anna arbeid og arbeid blir det. eg kjem nok til å setta og legga meg ned også - i sommaren. høgsommaren.