21 juli 2012

julihage

det har regna mykje i oslo i sommar. det ser eg fort idet eg går opp i squash-bedet mitt når eg kjem heimom ein tur etter veker vekke frå heimen. dei blir fort store. sjå berre her:
det må finnast ei oppskrift på sylta squash? eller squash-syltetøy? må sjekkast. her ligg jo mange kilo. og dei gamle rosene som vart flytta frå fronten av huset og bak til bedet ved kompostbinge og poteter og urter og squash med meir,  blomstrar enormt. må finna ut kva slags sort det er. eg kjøpte Leonardo da Vinci ifjor og Ingrid Bergman iår. dei blomstrar også. det er moro med hage. eg må plukka rips, solbær og stikkelsbær også. lettare å laga noko av det. vurderer å starte squash utsalg!

15 juli 2012

den dagen, denne dagen


dette er den dagen i denne sommaren. den dagen då alt som er gjort så langt dette året blir lagt bak meg. den dagen eg legg det bak meg. eg ryddar i minneskuffene. mappene. alt er der og eg let det att. 
så legg eg eit blankt ark på pulten der eg sit. tittar ut av vindauget rett fram.
tre grå inngangsdører som er attletne. skriv talet ein, skriv talet to, skriv talet tre. nye punkt for framtida. nye gjeremål ligg der og skal opna seg bak dører eg må opna. det er den dagen. denne dagen. eg veit at det vil kosta, ja kreva meir målretta arbeid og eg likar tanken på det. reiser meg frå pulten og går ut for å kjenna soli varma meg endå nokre grader til. denne dagen i denne sommaren.