21 november 2016

Det abstrakte alvoret i musikken, igjen -

Ja, for meg er det alvor. Musikken er alvor. Eg kan ikkje tenka meg noko meir patetisk enn spelande folk som ikkje tek musikken på alvor, uansett kva slags sjanger dei framfører og kva stilart dei jobbar med og i. Livet skal leikast men takast alvorleg. Musikken skal leikast i men med eit grunnleggande alvor, og med tankar om alltid å gjera det så godt ein berre kan. Kvar gang. Eg er nøgd med det eg seier om dette i dette intervjuet i bladet MusikkFokus i 2014. Det held seg. Det vil halda seg lenge. For meg. Eg tenkjer mykje på dette desse dagane i Tokyo. Under den første turneen i Japan. Tenkjer på om musikken i større og større grad verden over framstår som noko vi ikkje tek innover oss lenger, at den berre virkar overflatisk, er på alle overflater heile tida. Og då meinar eg overflatisk på meir enn eit plan. Er vi i mindre og mindre grad i stand til å lytta fordi vi ikkje lenger tek oss tid til det, eller får sjangsen til det? Vi vågar ikkje? Det er skummelt fordi vi må lytta, teia.
Idag skal vi ta toget til ein bitteliten jazzklubb i Kashiwa utanfor Tokyo. Nardis. Det er også ein låttittel, ein låt av giganten Miles Davis. Det skal ikkje mykje til for å fylla den klubben så eg kryssar fingrane for at vi klarar det - Bildet er frå gårsdagens konsert i Tokyo (20.11.16).