17 november 2011

Spelferd i sør: Zehdenick

Eg fekk med meg litt av BDP denne dagen også. Møtte mellom anna Peter Schultze som no driv Sendesaal Bremen som har vorte ei privat stifting. Det er eit stort "gammalt" profesjonelt radiostudio der eg har hatt konsertar iallfall tre gonger. Nydeleg sal. Den stod i fare for å blir riven - men den er redda. Det er von om å få spela der neste år.
Zehdenick ligg omlag 80 kilometer nord om Berlin men me brukte lang tid. Mykje trafikk. Kom fram og gjekk inn i eit nydeleg rom. Eit gammalt kloster som no er galleri og konsertarena (fine bilder på fjesbok!). Som nevnt har me med oss ein eigen PA iår - og lys. Full rigg denne ettermiddagen. Det gjekk veldig fort greit og effektivt. Det kom litt lite folk. Var vel omlag 30-40. Me spelte litt rolegare og balansert. Meir kontrollert kanskje. Det var både riktig og fint meinar eg. Rommet innbaud ikkje til heftig trøkk. Eg lente meg litt tilbake og kjente at det var riktig å ikkje pressa ting. Musikken er open og må få leva ulikt på ulike stader med ulikt publikum. Eg meinar eg har ein fleksibilitet i musikken min. Den er ein stor styrke. Det blir ikkje dårlegare om ein jobbar innanfor mindre parameter i høve til f.eks volum og trøkk. Krafta er der. Det er veldig godt å kjenna slike kveldar som dette. Me gjorde eit sett og hadde ferdigpakka bil rundt klokka elleve. Og me brukte mykje kortare tid tilbake til Michelberger Hotell i Berlin. Det er forresten ein veldig bra ting her sør, og det er at konsertane begynnar i skappeleg! tid (som me seier i Sogn). Ofte klokka halv åtte eller åtte. Når me spelar eit sett som ikveld betyr det at me ikkje får øydelagt verken arbeidsdagen eller reisedagen etter. Og me spelar betre. fordi me er betre opplagt. Ein er meir sliten klokka ti eller elleve om kvelden enn klokka åtte. Det er eit sterkt og viktig argument i "kampen" for å få forklart for konsertarrangørar i Norge, kanskje særleg Oslo, at det er ein heilt tåpeleg og idiotisk ting (også i høve til å bygga eit vaksent publikum) mange driv med der nord: starta konsertar både klokka ti og elleve. Altfor seint. Det skulle vore obligatorisk start-tid nasjonalt! Alle konsertar av dette slaget startar klokka 20.00.
Me rakk altså å ta eit glas i baren på hotellet denne kvelden også - men eg var for kjempesliten til å fylla det glaset. Hupps i seng med seg....