23 november 2007

måne måne måne

ikveld står den rett inn her
eit løydomsfullt auga er den
full av liv
ser saftig ut
ta ein bete kan vera freistande
bøyga seg utover verandakanten og jafsa snafsa
ein kald våt novemberkveld
ei varm våt novembernatt
eit vått vått novemberønske

til månen månen månen

14 november 2007

snart til bukkhaugdalen

der opnar det ein fabrikk på fredag. dei skal produsera dører og heiter Dooria. og bukkhaugdalen er næraste vesle søkk innanfor mi vesle komponiststove på årdalstangen i sogn. kven hadde vel trudd det? at der skulle reisa seg ein fabrikk. ikkje eg - når eg som ti, elleve åring trødde som ein gal på apache-sykkelen min gjennom tunnelen frå Oliva - som me kalla henne. det stod eit hus der, i bukkhaugdalen, der olivia budde. og ein av dei siste husmannsplassane låg i bukkhaugdalen heilt fram til på åtti-talet. brannvesenet svidde av husa på ei brannøving og så fylte dei dalen med stein frå ei eller anna tunnelutbygging. heimbygda mi har alltid gitt fan i fortida. den betyr ingen ting. det er framtida som betyr noko. det er den me kan tena oss rike på. det blir underleg å stå der å spela. i bukkhaugdalen. inne i ein ny fabrikk og heile dalen er full av denne fabrikken. alt eg såg der er ikkje. berre inne i meg. der er bilda. heldivis. og eg gledar meg. fordi eg likar å spela. og fabrikkar treng me jo her i verda. eller? imorgon tidleg køyrer eg med to jenter over fjellet til vestlandet. til eit enno mørkare land. til fjella. dei mørke fjella som har så mykje lys i seg - om du ser nøye etter. vågar å kjenna etter. sjå dei i kvitauget.

13 november 2007

og halda fram

som idag. når perkusjonisten kom til komponisthola, skaparhola mi i Kongens gate i tjukkaste hovudstaden - ein liten by i eit lite land, sette seg til og dunka på nokre trommer på nokre songar eg driv med. timane går utruleg fort slike stunder når ein går inn i å skapa. vera der i det rommet og når ein vaknar er klokka fire på ettermiddagen. halda fram.
som i denne skisse til eit dikt

lite manifest

aldri
i ly av kontrolltårn
bli innhenta av resignasjon

utsiktspunkt
konsentrasjon

troll
sol
og timeglas
rennande sandkorn


halda fram. snøen som kjem smeltar ikkje på lang tid. den frys fast. frys oss fast - slik at vi endeleg kan tina
att

08 november 2007

halda fram

halda fram med å skapa
slik leva
ingen ting står stille
ei rørsle fram i det gamle som i det nye
i mørket i lyset, regnet og vinden
med alle dei ord ein ikkje ana ein hadde
alle tankar ein har
dei som var og slik kom hit
før dei forsvinn i
ord
dei blir handling og vi er handling
her og no