26 mars 2012

lesa i horn og blåsa poesi: lesa poesi og blåsa i horn

I eit intervju for nokre år sidan uttalte eg "skråsikkert" nok at eg aldri! kom til å stå på ein scene og lesa min poesi, eller kobla musikken og poesien på samme konsert. I forrige veke stod eg på Nasjonal jazzscene i Oslo - og gjorde nett det. For første gang. Det gjorde noko med meg. Fekk ei slags a-ha oppleving. Dette kan det vera meining i. Eg tykte det var kjekt og inspirerande og utfordrande. Fantastiske musikarar å jobba med: Christian Wallumrød og Garth Knox. Me fekk til noko veldig fint. Det er Fiona Talkington som er grunnen til det heile. Ho kobla. Ho fekk det til. Det fine er at me får høve til å gjera det ein gong til i London i juli. Eg håpar at dei nye dikta mine snart finn ein utgjevar :-) Eg har verken forlag eller redaktør - men har tru på at eg skal finna det - Det er opptur å få slike tilbakemeldingar som etter konserten torsdag. Det gjev meg kraft og tru! Her ligg skrift om Conexions 22.3.2012: jazzinorge - review