26 november 2008

Siste kveld Leknes


Det er tredje og siste natt på Norlandia Leknes hotell. Eg kom meg ut på joggetur idag også sjølv om det var litt isete og glatt. Det låg eit tunt snølag oppå som gav meg feste. Så tok eg turen til China House igjen og åt kylling i karri. Ein sikker vinnar - iallfall så lenge kokken er kinesisk. Konsertane idag gjekk fint, og me kom oss dit me skulle i eit fæsleg snøvær på superglatte vegar. Imorgon skal me iveg mot Lødingen og det er vel omlag 152 km. å køyra etter siste konsert. Lange dagar. Jobbar så godt eg kan om kveldane med ord og musikk. Vidare alltid vidare. Dei to bilda er frå ein spasertur etter middag i iskald vind (fotografskuggen frys) i Leknes sentrum og spøkelsehuset er hotellet i kveldslys - eit slags lys, eit slags hotell.

25 november 2008

Lofoten tur



Første dag og to konsertar er unnagjort. Sterkt snøfall i Lofoten siste døgn gjorde at vi tok det med ro på vegen. Utruleg flott lys her - som kjent. Bildet over er teke frå førarsetet! på veg mot Å - det ligg heilt ytterst i Lofoten. Me spelte på Sørvågen skule til sist idag. Er litt skjelven for eg treng mat. Men dette er ei begynning på ein logg iallfall :-)

24 november 2008

Lofoten kallar

Eg skal avstad nordover - igjen. ni dagar i ungdomskulen med trio. rett ut i snøen :-) har lurt på om eg skal ha med meg vasspipa som står her i glaskarmen. men det vil vel ikkje bli teke så godt imot om eg fyrer opp den på leknes hotell, motell eller pensjonat eller omkringliggande herberge? joggeskoa skal med. spørs om eg må kjøpa broddar. gruar meg litt men det går vel fint som før - berre ein kjem inn i det. inn i noko som ein kan vera i og veksa av. mange betalar dyrt for ein tur til lofoten så eg må vera glad som kan reisa dit og gjera arbeidet mitt. tenkja det. tek med meg fotoapparat og skal sjå om eg får lagt ut nokre glimt her kommande to veker. det er eit utruleg flott lys der - som kjent. prøver det. følg med - om du gidd :-) !

12 november 2008

London

Det er tre år sidan sist eg var her. Imorgon er det opning av Kings Place - ein ny konsertstad. Første gang på over 25 år at det opnar ei ny, så stor scene i London. Skal bli stas å blåsa bukkehorn der..... Laurdag blir det Isglem for alle pengane. Først familiekonsert (såkalt) så oppvarming til Mari Boine. I skrivande stund er eg i Kings Road i Chelsea. Nær Walton Street der NOPA, ein organisasjon eg er så heldig å vera medlem av!, har leiligheit. Sit på ein kafé og drikk Caffe Latte (høyrer Beranek Holm si parodiske Lægreid-stemme i bakhovudet). Ettermiddag. Julepapiret er i ferd med å ta over i alle vindauge - også her, men kanskje folk tek det litt kulare med handelen iår? Vi får sjå. Eg var innom Conran shop sjølvsagt. Der var det noko som frista meg. Så det spørs om eg går i fella. Vedlagt eit bilde til frå turneen i haust - frå Munchen/Unterfahrt Jazz club.

08 november 2008

heia hei

Musikk i Noreg 2009. KVA SKAL EIN SVARA FOLK SOM SLUTTAR EIN EPOST MED TAKK OG HEI - og startar med hei hallo?
Kor hjernedaudt kan norsk musikkliv bli? Vg har vel aldri brydd seg særleg om musikk, men likevel. Les:

"Hei, hallo
Vi i VG Helg er i gang med planleggingen av "Neste års talenter", altså nye, spennende navn innen musikk, TV, film, litteratur, samfunnsliv, sport osv. – et stort rigg vi har hatt på trykk rundt årsskiftet i flere år nå. Derfor kaller jeg alle kloke hoder: hvem blir neste års stjerner? Hvem har du troa på? Årets artikkel vil stå på trykk lørdag 3. januar.
Takk og hei"