26 mai 2009

NORSK JAZZ NO

Norsk jazz no: Er det ein parole,vart eg spurt. Kanskje det, svara eg.
Det finst god og dårleg musikk. Det finst gode og elendige lyttarar. Eg går stadig rundt og trur at visse ting i verda forandrar seg til det betre, at folk utviklar seg - som til dømes lyttarar, og har eit større vidsyn no - enn for til dømes 25 år sidan - då eg entra den super-vesle manesjen som vi kan kalla norsk jazz - miljøet rundt musikken. Slik er det ikkje. Så feil kan eg ta. Det kan ofte visa seg at folk blir enno meir forstokka og innsnevra etter som åra går - altså at det motsatte skjer. Nokre lyttarar HAR svaret på kva som er jazz. Tenk det! Eg tykkjer det er heilt fantastisk at det er muleg i 2009. Å vera så bombesikker, så firkanta i skallen at ein får seg til å skriva ".... forvirres allerede i første nummer, som er en portugisisk melodi. Himla vakker, men spilt helt uten improvisasjon – og altså verken norsk eller jazz." Det er eit eller anna som har gått i ball for fyren. Særs fokusert eller til poenget er det ikkje. Vi er ikkje belemra med særs gode musikk-kritikarar i dette landet og kritikken sitatet her henta frå er eit grelt eksempel på det. Elendig språk, surmaga overflatisk preik og leiting etter trykkfeil i cover. Mine intensjonar som artist med å gje ut eit nytt album med ein annan musikk og ein ny innfallsvinkel går vedkommande totalt hus forbi. Får vi som fortjent - vi som jobbar dagleg med nisjemusikk? Har vi verkeleg ikkje gjort oss fortjent til betre?

12 mai 2009

på tide med nokre ord

i dag har eg gått rundt i bergen ut frå neptun og ned på bryggene eller kaiane som eg ville ha sagt og bort til aviskiosken der eg kjøpte lokalavisa frå indre sogn og så gjekk eg opp på nygårdshaugen og inn i det nye flotte studentsenteret dei har fått her i bergen og leverte cd´en min til studentradioen og så gjekk eg ned att bakkane og forbi grieghallen og passerte lille lungeren og bort til togstasjonen med meg tilbake gjennom marken der eg gjekk nedom markesmuget seks der eg ein gong budde i eit tidlegare liv så ned att langs gamle banco rott tidlegare Norge bank vel og inn i smuga der og ein liten stopp med ei wiener tok eg meg for eg begynte å bli slapp og så gjekk eg ut langs bryggen på andre sida og kikte på dei skakke trebygningane på vegen inn att og sola var framme etter mange dagar med regn og godt var det sjølv om det var kaldt når eg for siste gong denne dagen kryssa kaiane og innom HogM og kjøpte meg svarte sokkar og ikkje før var eg komme inn att på hotellet før eg sovna og dei ringte ein halvtime etterpå og lurte veldig på om eg kunne vera med i jazzonen som er jazzprogrammet til srib og det kunne eg så eg måtte opp att på nygårdshøgda og deltok der i prat med nokre hyggelege karar som spelte portugalsongen min og eg snakka iveg om norskjazzen min og etter det så åt eg god middag på china house og gjekk rett hit der eg har sete pal å jobba med å pakka cd´ar og skriva epostar til det vart natt og no må eg legga meg i senga for eg har tre konsertar imorgon og den første går igang klokka 09.15. god natt.