10 juli 2014

meir arbeid

det å arbeida når ikkje så mange andre gjer det. kva gjer dei andre då? kanskje det er arbeid å reisa på ferie med familien? ligga på ei strand eller sitta på ein fortauskafe og drikka kaffi eller øl ein heit julidag? like krevande som å sitta her å jobba med musikk. tenkja, planlegga, skriva, øva og slik om att og om att.
i eit heit rom ut mot soli der det ikkje er luft men skal eg klaga på det. nei det skal eg ikkje. her er kaldt nok om vinteren kan vera. kaldt og blautt og frost og is og slaps og drit. slepp det. har lite klede og det er varmt og fuktig. byen er døsig langs fortaua utanfor. eg har trekt ned trepersiennene så eg ser ikkje den nymåla bakgården heller. treng det ikkje. er inne. er i arbeidet. i det å arbeida når ikkje så mange andre gjer det. eller iallfall driva med mitt når andre driv med sitt. kva det er er det vel berre vi sjølve som avgjer.
om ei veke skal eg framføra ny improvisert musikk saman med fire andre musikarar for eit stort publikum av barn i molde. små og store barn. festivalen er like gammal som meg. det er litt fint å tenkja på. men det er første gang eit tingingsberk for barn blir framført. Monsterjazz heiter det. Ifjor var ein prøve. eg var svært og uvanleg nervøs. det må seiast. men det bar. det bar veldig. me traff. fekk det til. og vi freistar igjen iår. eg freistar. må la meg utfordra. må våga. på ny. inn i musikken. på ny. eg vågar. eg vågar ja eg skal våga.