17 januar 2008

kontrastfullt

er livet
nær langt vekke
vekke langt nær
new york manhattan to grader regn
geilo minus ti snø
- og månen på veksande

der eg skriv er det herreselskap i rommet ved sida av og amerikanske songar durar over restauranthøgtalarane
ikkje ein norsk låt i høgfjellet. arme dei.

digresjonar
ikkje dei som betyr noko er det
dei betyr noko
nær langt vekke
vekke nær
er livet her

01 januar 2008

me kom gjennom det

i år også. heile julestasen og nyttårstankane glødar heilt utan bruk av fyrverkeri
korleis samla trådane og gå igang? komma vidare og kvar er vidare?
eg er nøgd med at eg og min familie klarar å ta det så ned. heilt kobla ut.
og at den eine dotter mi IKKJE i det heile teke ville ut av huset første juledag.
ho ville vera inne og kosa seg som ho sa. me har likevel fått prøvd skøyteisen også.
og bilbana :-)
no brettar eg opp armane og prøver å samla meg.
eg har ny heimeside - sjekk den: www.karlseglem.no