28 desember 2009

mot slutten

mot enden av året nullni med macen oppå den keramiske steiketoppen under vifta med ei pipestappe leitande på nett etter MacBarens Vanilla tobakk som ser ut til å vera gått ut av produksjon i løpet av 2009. ikkje å få tak i. kuldegradene kryp inn mot husveggane men vi fyrer, eg fyrer. julehøgtida var roleg, stille og fin. slik den skal vera. har kjensla av at også ni-åringane - som jul er mest for, har kosa seg. første skitur igår. plateselskapjobbing idag. litt. det er påmeldt 683 album til Spellemannprisen 2009. eg har gjeve ut nokre av dei. tomas espedal skriv fine bøker - og ja: prosa med poetisk kraft. "IMOT KUNSTEN" litt meir variabel enn den forrige om å gå. men med flotte passasjar. eg kjøpte Ann Jäderlund også idag. begge desse er innstilt til nordisk råds litteraturpris. ein nær ven er femti år den treddevte! i denne månad. han vil feira den her i oslo med baccalao - og god vin - i årelang tradisjon. det varmar mitt hjarte. imorgon vil eg kløyva ved i sprengkulden og gjera opp eit bål i utegrillen. oransje mot det kvite. varme mot det nye året. fylla det med varme.

09 desember 2009

INGEN LISTETOPPAR, INGEN JULEPLATER, BERRE GOD MUSIKK, HEILE ÅRET

KJØP NORSK MUSIKK TIL JUL. 2009 HAR VORE EIT STERKT NORCD ÅR
INGEN LISTETOPPAR, INGEN JULEPLATER, BERRE GOD MUSIKK, HEILE ÅRET

KJØP CD´ane her: www.norcd.no

Berit Opheim Versto&Karl Seglem - Draumkvedet
Tromsø Kunstforsyning - Tur
Glima - Tårån
Jon Eberson Trio - Born to be slow
Apeland/Skarbø/Økland - 1982 (LP)
Arve Henriksen/Elling Vanberg - Ellivan
Karl Seglem - NORSKjazz.no
Lena Skjerdal Trio - Home
Folkelarm 2009
Kallerdahl, Seglem, Ulvo, Hole, Sjøvaag - Skoddeheimen
Line Horneland - Horneland
Kenneth Sivertsen - Spør vinden (digitalt)

08 desember 2009

eg gidd rett og slett ikkje

senda dyrproduserte cd-utgjevingar som eg lanserer på plateselskapet mitt til gud og kvarmann. i dette tilfellet til journalistar. i mange år dreiv eg med det. sendte ut store mengdar av kvar utgjeving til omtrent alt som var av kultur-redaksjonar og journalistar. på eit tidspunkt fann eg ut at det var tull og tøys og ei heilt bortkasta investering. eg vil tippa at langt under femti prosent av dei som mottok cd´ane verken høyrde musikken eller las informasjonen om dei. eg innsåg, erfarte at det er svært få skriveføre, dedikerte musikkjournalistar i norge. svært få. etter å ha drive plateselskap sidan nittennittiein har eg pondus til å hevda det. etterkvart som flaumen av cd´ar har auka, har verken nivået eller talet på dei som skal skriva om desse vorte kvalitativt høgare. den lokale oslo-kulturavisa aftenposten hevdar sjølv at dei har kompetanse men sjølvskryt stinkar, som kjent. det kan ikkje vera lett å vera skrivande musikk-dedikert i dei andre tabloidioti-avisene, det kan kvar og ein finna ut ved å bla gjennom kafe-eksemplaret, og ved sjølvsyn lesa kor lite skrift om musikken som står skrive. tenk om bokomtalar hadde fått like liten plass. men det står derimot eindel ting under musikkvignettar som ikkje har med musikk å gjera i det heile. det er ei anna sak. no til dags sender eg ut dei dyrproduserte utgjevingane til få, og får ei og anna omtale - omtrent på same nivå som når eg sendte ut fire ganger så mange eksemplar.
som cd-produsent kan eg ikkje endra røyndomen: det at mange vil ha det samme, helst nøyaktig det samme som alle andre, på samme tid (helst). forøvrig ein mekanisme eller idé eg aldri kjem til å forstå. er det ikkje denne kommersielle mekanismen som fører til einsretting? - det er no nærmast stadfesta som "sant": det at det finst masse av ein ting betyr at den er kvalitativt bra? dette er ei "sanning" eg heller aldri vil forstå. sikkert derfor eg er ein så dårleg forretningsmann. men eg har lært litt. som å ikkje senda ut mengdar med dyrproduserte cd-utgjevingar til folk som ikkje vil ha dei. eg har slutta med det og held forøvrig på med mitt.