20 november 2011

Spelferd i sør, Altenburg

Ved inngangsporten til der Schloss im Altenburg hang det eit irrgrønt skilt på muren:

Me skulle spela i Bachsaal, tretti-tre trappetrinn opp i spiral. For ein sal. Høgbarokk. Eg meinar dette er ein av dei beste konsertane me har gjort så langt på turnéen. Eg syns alt klaffa. Det må bli eit klipp frå den konserten på youtube tenker eg.
I teksten om konserten i programmet til Jazzklubben i Altenburg er ordet folklore nemnt. Eg er ikkje særs glad for det. Den musikken eg presenterer har ingenting med folklore å gjera. Det må ikkje brukast i presentasjonen av meg eller musikken min. Eg veit ikkje kvar det kjem frå. Kven som har skrive det. Den musikken eg framfører med bandet mitt på denne turnéen er unik, ja: «one of a kind». Det å kobla hardingfele med trommer, elektriske instrument, bukkehorn og tenorsax - i eit band med så mykje improvisasjon, er faktisk eineståande. Det er vanskeleg å setta ord på kva det er. Og mange klarar det ikkje. Forsåvidt er det ikkje noko poeng heller. Musikken min ligg i grenselandet mellom det tradisjonelle og det moderne. Og desse omgrepa er i utgangspunket vage, med plass til å putta alle mulege merkelege ting inn i, for å seia noko om musikken. Kva er tradisjonell i denne samanhengen? Kva er moderne? Samklangen mellom min tenorsaxofon og hardingfela til Håkon? Eit tradisjonelt og eit moderne instrument?
Det er så mykje meir, så mange små ting som gjer at det blir den musikken det blir.
Eg skriv det igjen: Ting tek tid. Eg har langt på veg lykkast i å forma eit særpreg eg er åleine om. Eg veit også at potensialet for å nå ut til langt fleire er der. Det handlar mellom anna om å spissa det og vera langt meir tydeleg og fokusert i marknadsføringa.
Omgrepet world-jazz er ikkje mykje i bruk. Kanskje fordi det nettopp er så få som driv med det. Eg har altså alle muligheitar til å gjera det betre. Rotnorsk world-jazz. Rooted world-jazz. World-jazz with roots? World-Jazz. Det er den nemninga som er mest dekkande: Karl Seglems world-jazz. Noko heilt anna enn det eg tenker når eg høyrer ordet folklore!