31 januar 2012

Siste dag, første månad, nye år

Eit nytt grønt flagg har komme opp på stanga til bank-bygget ved sidan av. Høgt over Oslo. Midt i byen.
Eg ser det frå arbeidsbordet. Me veit ikkje kor priviligerte me er i dette landet. Heller ikkje den banken
(som har ein sutrande banksjef ifølge penge-media), som handlar som om alt kan veksa og veksa og veksa. Bli meir og meir, fleire og fleire pengar. Det er rett og slett historielaust. Og mange går på. Ser på det som heilt naturleg og det einaste rette. Eg las at det er ingen andre land i verda som har meir gjeld pr. innbyggar enn Norge. Det ser ikkje ut som om mange reflekterer over det. Stablane med flatskjermar i el.kjøp butikkane er like høge som grafane om vekst. Det er ikkje lett å gå motstraums. Det krev mot. Med fare for å forherlega sine eigne handlingar ved å skriva om dei: Eg arbeidar med å renska vekk. Har starta året med nokre enkle mål som å kjeldesortere betre, gå meir, bruka mindre straum, og så vidare. Eg har heisa mitt grøne flagg, men svært få ser det. Heldigvis.