25 september 2012

Utla spelferd 3

førde og bergen var storvegs - på kvar sitt vis. haarklousalen var full - og for eit publikum!
lydhøyrt og engasjert. på konserten sa eg at Utla har spelt to gonger på Førdefestivalen. det stemmer ikkje. det er berre ein. og det var i 1993. det betyr at det er tjue års jubileum neste år. eg skal iallfall prøva å få konsert der.... vi avslutta på rommet til terje med Saps at Sea! say no more....  og siste siderflaska gjekk der....like god... apneseth, faleide og Nomeland og utla lo alle godt....

- og i Bergen dansa dei som berre det. i gimle. veldig fin sal og veldig kjekt å spela til dans.det var storvegs. rett og slett. det er alltid det. sjå så mange flinke folk dansa desse gamle dansane så bra. det vart ein magisk kveld. rett avstad søndag føremiddag og inn i årdal kyrkje og angra våre synder. ein av dei beste konsertane. ein kan vel ikkje seia at det var mykje folk - men ikkje så verst til å vera Årdalstangen - og det er som kjent og som vanleg veldig langt å reisa frå øvre årdal. forstå det den som kan. eg personleg har aldri gjort akkurat det. forstått det. kjemperespons og eit herleg publikum.

her og no i regnet i eit buss-sete! det regnar ikkje i setet - men veldig veldig der ute. køyrer inn i oslo seint tirsdag kveld. køyrer i ei sluse av vatn... og eg er øm i låra etter å ha gått ned 600 meter på 50 minutt før idag - frå løst. hadde ei flott døgn der saman med bror erling. maling og rydding... ein plass å ta vare på.
rett inn i oslo. stanga hovudet i byen. svart haust. eg ser fram til solnedgangskonsert på lista på torsdag og haustferie i gausdal frå fredag. då må eg litt ned....eg klarar det også. tek med motorsaga og trør ut i skogen...

21 september 2012

Utla spelferd 2

og vips så var det fredag og ikkje lenge til rigg og lydprøve i Førde. Konsertane på Voss, kontorkonserten i Førde og konserten i Florø gjekk svært godt vil eg sjølv hevda! Me fekk som fortjent som det heiter. I skrivande stund skin soli inn glaset her og alt vatnet som fram til no har falle ned over hovuda våre sidan eg flaug over til Bergen på tirsdag, er gløymt. Slik er vestlendingen. På fjesbok skriv no folk i Bergen i svulstige ordelag om kor fantastsisk fint det er der - så me gler oss ekstra til å komma dit imorgon. Folk må bli retteleg danselystne vel? Eit fint lønnetre står med raude, oransje og gulgrøne blad utanfor og det er som om alt og alle tek ein djup innpust som førbuing til vinteren som me alle veit snart er her. Ein sinnsvak høgljoda mobil graskløppar (med mann oppå utan høyrselsvern) heldt like fullt på ein halvtimes tid utanfor glaset her må vita. Det sler ikkje feil. Graset er grønt. Siste runde på den også kanskje?
Eg kryssar fingrar for at det kjem (masse) folk ikveld også som vil lytta og kan løfta den gamle musikken til Utla opp og ut og inn i kvelden. Det er storvegs å spela med karane Håkon og Terje. Springar, halling og rudl med meir. No er det av stad - til lyd.

19 september 2012

Utla spelferd 1



Spelferda startar ein dag før spelferda startar. Eg dreg til Bergen for å øva med resten av trioen.
I den byen, som i dei fleste andre, går livet som det alltid har gjort. Allereie i taxien frå flyplassen ser eg også denne gongen nye bygg, nye vegar. Dei har mellom anna fått eit staseleg? glashus ved bystasjonen og dei har fått eit staseleg? glasbygg på kaien som dei kallar fisketorget. Det er det ikkje lenger (eit torg altså). Eg går over fiskebrygga etter å ha vore i møte med Jørn om høve til å konsertere i Bergen til våren, og etter å ha fått låne fint øvingsrom der eg fekk spelt litt. Midt på brygga som ikkje lenger er eit torg står ein mann og slepp ein svær fis. Det er litt løge men eg går forbi sjølvsagt. Tenkjer at det er kanskje ikkje så løge til å vera Bergen? Ein driv på med slikt her. Kjenner seg frie nok til å gjera slikt utan å måtte dekka seg til? I tilværet. Eg vitjar min designerven Kåre og eg går på Dampen og kjøper biff. Så er det rett på øving oppe på Laskevågloftet. Ei svært fin øving blir det.
Me treng Utla. Nei: "Utla trengs, " sa ein kollega av meg då eg fortalde at trioen skulle på spelferd igjen. Det tykkjer eg er fint sagt. Eg trur han har rett. Norge treng at tre vaksne karar reiser rundt og spelar akkurat den musikken som Utla spelar. Av mange grunnar eg vil komma attende til. Fem konsertar på vestlandet står for døra. Eg reiser meg snart frå stolen på dette hotellrommet og sjekkar ut. Hentar leigebil og plukkar opp forsterkar, kamerastativ ein stad, trommis, trommer, perkusjon og Utla-sidér ein stad, lydutstyr på Nesstun, felespelar på Trengereid - og me dreg til Voss. Først verkstad for ungdommar, så lydrigg og første konsert klokka 20.00 ikveld på Tre brør.


                                                     UTLA, Bildet er frå 2001, teke av Ketil Jacobsen

18 september 2012

Utla spelferd innferd

Det er natt. September. Mørkt. Oppvaskmaskina går. Jentene søv. Kofferten er nokonlunde pakka. Ei salig blanding av cd´ar, Tskjorter, bukkehorn, hard-diskar, videokamera, toalettveske, dress, skjorter, sokkar, truser, spelesko (fan, får ikkje plass til joggesko eller joggekle), ledningar og anna unevneleg? Spelferd. Skal til Bergen. Øva med Utla trio imorgon og rett ut på konsert onsdag tilogmed søndag. Etter gammalt. Eg gler meg. Gler meg til å spela den musikken. Den gamle musikken. Med sjefen sjølv på hardingfele. Ta ein titt her då:   http://youtu.be/28_6tlCMED0
Vestlandet får vitjing. Eg vurderer dagrapportar her. Ser kva tidi tillet. Og den er det jo eg som rår over....

07 september 2012

vedtur og anna tur

eg har utsikt over Oslo by og i ettermiddag skin soli sterkt og vinden ruskar. himmelen er skarpare - igjen september, igjen mot haust. imorgon er det ved-henting i Østfold og kanskje ein tur over grensa? det blir i så fall første gong familien tek ein tur som mange, inkludert oss sjølve, kallar "harry-tur". komma heim med kylling og flesk og snop? og ved. veden er og blir viktigare så eg får konsentrere meg om den. kulden kjem tidsnok, ja som regel alltid før ein ventar den. i vinter skal vi iallfall ikkje ha for lite ved i hus men kunne fyra i omnane akkurat så mykje vi vil. eg har ein teig ved steinsbruvann som eg også må ta. oslo kommune har sjølvhogst av ved. det vil vel ta to dagar å få rydda, saga, kappa, køyra heim og kappa og kløyvva. og det er jo neste års ved. denne gongen mest furu trur eg. håpar på å komma meg ut i skogen onsdag i neste veke. luft i skallen trengs - før mørket omfamnar meg heilt. og hausten er ei skapande tid. eg får framleis mykje energi av denne årstida. så då er det berre å gå igang....