20 januar 2013

ski

eg kom meg til gausdal på ski og datt veldig veldig hardt i bakken ned att til hytta. trudde oksli mi eksploderte. hadde stor fart på den isete vegen og plutseleg klappa skia saman og eg gjekk over ende med eit smell. no klarar eg ikkje løfta høgrearmen meir enn opp til bordhøgde. ikkje brot. trur ikkje det. men særleg arm-muskelen og skuldra er skikkeleg forslått. ikkje spøk å stå på ski, detta på ski. vaksen mann som klaskar i isen. sikkert litt av eit syn. kjensla av å vera handikappa, ikkje kunne bevega armen. spent på om eg klarar løfta saksofonen imorgon. spent på det gitt. ellers var det ei stårlande helg i stilla.

12 januar 2013

poetisk

her ligg eit nytt nullpunkt. alle gamle manus er oske. slik måtte det bli. slik er det. ei forløysing? det vil tidi visa. eg har trui..... trur på 2013.

08 januar 2013

sviv

eg sviv inn i eit nytt år. skriv eit anna tal til slutt. tretalet. og skriv poesi. til hausten er det sju år sidan eg gav ut stilla er ein åker. i kroken her på arbeidsrommet ligg fleire manus samankrølla. eg vil vidare og trur på ei forløysing om eg kan bruka eit slikt ord. det er ikkje nokon menneskerett å gje ut bok. eg forstår det. veit det. sikkert fleire grunnar til å la vera enn ikkje. eg er oppteken av lyd og rørsle og av å lytta mest. det er det eg lever av. å lytta altså. å skriva om å lytta, å skriva tankar om korleis det er å lytta meir enn å sansa gjennom auga er mitt prosjekt. eg lever gjennom øyra. gjer eg ikkje? no er fleire manus oske. eit nytt manus utskrive. så får vi sjå om det kan respondere i andre lyttarar. folk som kan lytta er i mindretal. ingen tvil om det. men om nokre kan lytta og vil lesa så trur eg at dei kan få noko - noko eg ikkje treng setta ord på. folk som går til poesien får - og dei kjenner det. alle som ein.