06 februar 2015

går eg vidare. går me vidare.
stovner senter idag fredag. omlag ein time der og på sultan og kiwi nedanfor
det er kvardagen for meg, fredagskvardagen, og eg kjenner at eg likar det betre enn for eit år sidan
handla, rusla der, ikkje ha for dårleg tid. jentene mine er på riding
eg kan handle og køyre heim
observere, gå rundt, ha kontroll og undrast over alt som er. der.
på stovner
går me vidare. går eg vidare?

04 februar 2015

Skriv eit dikt kvar dag

Eit dikt kvar dag i to år. Arbeidstittel. Eg gjorde det i 2011 og i 2014. Blir det ei ny diktsamling ut av det? Svært mykje arbeid ligg føre meg. Det veit eg iallefall. Det er det einaste eg veit. Idag. Og er og går igang.