18 november 2011

Spelferd i sør: Gotha

Forholdsvis kort køyretur til former east germany. Eg har spelt eindel gonger i Thüringen før men aldri vore i Gotha. Denne kvelden stod me på ei stor Kulturhaus bühne. Huset må ha vore bygd tidleg på 60-talet, og minna litt om samfunshuset i Øvre Årdal :-) interiørmessig, men var tre gonger så stort - minst! Men lyden var også litt lik. Litt ungdomsminner dukka opp. Merkeleg nok. Balkongar, raud skai, speglar og greier. Sikkert 500 sitteplassar. Ei gedigen scene der me rigga heilt i front og fekk det raude teppet drege for bak oss. Der hadde det nok vorte vist og spelt saker og ting før murens fall. Altså lenge før oss. Bak scenen store garderobar og mykje løge å sjå. Når eg sa frå scenen at eg likte slike salar lo folk! Stefan bassist lurte veldig på kvifor dei lo: Me diskuterete det litt. Kanskje det at dei ikkje er stolte over slike bygg - og alt det har representert? Dei syns ikkje det er fint. Fordi dei ikkje har fått naudsynt avstand til alt som skjedde før november 1989?
Konserten var midt på treet (og det er ikkje godt nok), men igjen storvegs respons frå nærare eit hundre publikumarar. Ekstranummer måtte til. Eg signerte CD´ar og vart teke bilde av saman med «mine største fans» som ekteparet sa. Mannen fortalde at han hadde alle 27 CD-utgjevingane mine. Eg var imponert.
I Gotha kom eg igang med jogging. Det var jammen på tide. Hotellet hadde ikkje internett som fungerte, så då slapp eg å sitta og fikla med det. Springing gjer meg godt. Etter kneoperasjonen 1. september iår har eg ikkje sprunge. Trur faktisk ikkje eg har sprunge særleg sidan turnéen i november ifjor. Kneet er mykje betre enn nokon gong, iallfall på lenge. Eg kjente ingen ting ilt lenger. Fantastisk. Kneet virka. Sprang både torsdag kveld og fredag morgon. Supernøgd!
Spelferda er inne i siste fase og det må girast opp. Må halda giren. Halda energien opp så ein kan gje alt på konsertane. Då er fysisk aktivitet grunnleggande viktig. Etter så mange dagar på vegen har ein lett for å bli sløv og mista litt fokus. Det skal ikkje skje. Det er god stemning i bandet. Lite surmuling og klaging. Det går nokså smooth og eg er veldig glad for det. Tydeleg at me begynnar å bli ein samkøyrt gjeng både musikalsk og ellers - når det gjeld alle dei små og store ting som skal tilretteleggast og klaffa før - under - etter ein konsert. Me avslutta kvelden i Gotha med eit herleg måltid mat. Biff rett og slett. På hotellet ved jernbanestasjonen. Så ropte puta frå høgt frå rom 214. Eg høyrde den heilt ned i restauranten og lydde - (det betyr å gjera som nokon seier).