22 november 2016

Spelferd med jordskjelv

Det blir ei dagbok dette. Små glimt av tidslinja, tidslinjene. Japan November 2016. Eg vakna rundt 06.00 av at senga og rommet svaia. Eg skjønte det var jordskjelv. Kan vagt erindre å ha merka ei aning av det ein eller annan stad i verda før, men dette er så langt det kraftigaste eg har kjent, sjølv om det ikkje var kraftig i det heile. Det var eit etterskjelv etter Fukishima. Eg spratt opp og opna skyvedøra til balkongen, såg ut i det grå regnlyset, såg at i eit hus ved sidan av vart eit lys tent. Straumledningane svaia og inne på badet svaia den kvite nyvaska skjorta mi. Stod naken i rommet og visste ikkje heilt kva eg skulle gjera. Ingen alarmar. Og det varte ikkje lenge sjølv om det kjennest som om det varte lenge. La meg igjen men ikkje råd å sova meir. Ti minutt etterpå ringer mor mi. Det er kveld der heime og det er ho som fortel at det har vore eit stort skjelv på 6,9 på Richters utanfor Fukishima. Eg roar henne og fortel at vi er trygge. Det er trygt. Og vil skal ikkje i den retning seinare på turneen. Eg står opp, dusjar, kler på meg. Går ned i resepsjonen og hentar kaffi. Drikk den og vatn. Skriv. Begynnar å arbeida. Kopierer video og lydfilene frå igår. Sjekkar Fb og epost. Sender Sms. Er igang. Idag skal eg til Den norske Ambassaden i Tokyo og snakka med Tom Knappskog. Så skal vi på ny ta toget til Yokohama der klubben Airegin ventar - Nok ein låtittel av ein nord-amerikansk jazzmusikar, nemleg Sonny Rollins. Bildet er frå etter konserten igår i Kashiwa. Fin gjeng -