22 mars 2006

snøen er rundt meg i vinter, ein forfølgar

og framleis lavar den ned også her. som om den føl etter meg. vinteren. snøen. er det ikkje snart vår no. heilt frå berlin til sørkjosen kom den med meg. til nord troms. utom glaset på reisafjord hotell dett den så lett og fin i ein kald kald vind som piska andletet mitt når eg gjekk meg ein liten tur. ut å gå. kvar dag gå.
nye skulekonsertar. nye barn å begeistra, nye konsertar som aldri før har vorte spela nett slik som til dømes idag. slagverkaren er med. heime er jentene mine sjuke enno. har vore det i over ei veke no. feber. slappe. vekke frå jobb og barnehage. bekymrar meg. likar det ikkje. våren kan komma no tykkjer eg.