05 mars 2006

viktige av dei viktigaste platene mine

eg vart ein gong spurt om å skriva kva for plater eg meinte var dei viktigaste. eg stilte motspørsmålet: dei viktigaste platene i forhold til kva? - men fekk ikkje svar på det.
sikkert fordi det er vanskeleg å svara på det? men no tenkjer eg at det kan vera kjekt i skrift å tenkja høgt om all den musikk, alle plater ein har høyrt og har eit personleg forhold til. og sjølvsagt må ein velga vekk. det er vanskeleg å velga vekk. men også oppklarande. for nokre plater betyr meir enn andre og ved å lista dei opp tenkjer ein nøyare over kva dei betyr. kva dei er viktige i forhold til. det finst så mange plater. no snakkar eg altså om lp-plater og cd-plater. i fono kalla fonogram – som er eit flott ord for desse ulike lydbærarar. eg har for mange plater og det finst for mange plater. altfor mange. like mange som det finst valg i livet. men skilnaden er at dei valga (i sjølve livet) gjer me kvar dag. medvete og umedvete. medan det å velga dei viktigaste platene frå eit levd liv er noko anna. ved å velga ut dei velger me jo også situasjonar, relasjonar, møter, oppbrudd, reiser og mykje meir, knytta til ei bestemt plate, fleire bestemte plater. å plukka ut tjue plater, som var oppgåva då, er svært få plater når ein begynnar å tenkja over kor uendeleg mange plater ein har høyrt. plater som det ligg att noko frå, inne i ein. mi liste kunne ha vore veldig lang. er veldig lang. og det kan henda den blir det ved dette høvet også. den blir det. eg har plassen. tek meg plassen. dersom eg delar det opp i fleire bolkar vert det ikkje kjedeleg å lesa, kanskje. eg kan ha som eit mål å tilføra fleire etterkvart. for meg sjølv. så la meg begynna øverst eller nederst på lista alt etter som. med dess utgjevingane her, hulter til bulter, alle med spor av ein ungdom også. plater eg høyrde første gong når eg var yngre enn eg er no. me begynnar der: det vil seia her:

1. Pink Floyd «Darkside of the moon»
2. Deep Purle ”Fireball”
3. Frank Zappa ”Live in New York”
4. Camel «The Snow Goose»
5. Ken Hensley ”Proud words on a dusty shelf”
6. Steely Dan «The Royal Scam»
7. Bjørn Johansen «Plays Einar Schanke»
8. Joni Mitchell «Shadows and light»
9. Gustav Mahler «Symphony nr. 9»
10. Brecker Brothers «Inside out»