30 desember 2006

til kenneth

ei brå forandring
ei svart rørsle mot molda
ikkje gløyma molda men hugsa den
sjå den
sjå i den
sjå deg i den
såg deg i den

det var jo oss
me skulle
me skulle me skulle me skulle det
me gjorde me gjorde me gjorde

handla
skapte
forsaka alt anna
så lenge
så lenge sidan
og så kort

så fort
å mista ein ven ein ikkje lenger hadde
likevel så full av den ven
full av den kraft
full av det som ikkje kan seiast
ikkje kan skrivast
kanskje kan spelast

kanskje kan den sorg klinga
som eit vakkert minne
løftar seg frå havet
mot sola og månen

ei rørsle av deg
mot himmelen

11 desember 2006

skrift om urbs i aftenposten

Karl Seglem har skapt et både abstrakt og konkret musikalsk rom som er helt hans eget.

Uten utvikling stagnerer musikken, men når endres det tradisjonelle og blir moderne. Bruk av nye instrumenter og klanger er en ting, å anvende eldre instrumenter på en ny måte - er en annen.
I Karl Seglems musikalske univers blir disse fra før vage skillelinjene enda mer diffuse. Han elter og mikser det tradisjonelle i folkemusikken med rastløsheten fra vår tid. Samtidig trekker han inn elementer fra andre deler av verden. Ikke som eksotisk krydder, men som basis for videre improvisasjon.

Denne nyskapningen er helt hans egen, og den har ikke kommet over natten, men foredlet seg over mange år. For hver ny plate har han endret den musikalske palletten ørlitegrann, frem til han nå har funnet den eksakte balansegangen mellom de ulike lagene og stemningsleiene i forholdet mellom hjemme og ute.

Det er noe urnorsk og samtidig dypt unorsk over Seglems musikk. Det høres kanskje motsetningsfullt ut, men han går seg aldri bort i klanglige blindgater. I krysningen mellom disse motpolene oppstår den musikalske spenningen. Rytmen er hovedelementet som bærer musikken, og gir den dens fremdrift samtidig som det er rikelig plass til så vel ro som en slags varsom rørelse. Det er en vilje og evne til motsetningsfull samhørighet mellom de ulike drivkreftene i musikken.

Utgangspunktet for Karl Seglems musikk har alltid vært det norske folketonespråket. Bukkehornet og saksofonen er hans sentrale instrumenter, og hans personlige bruk av disse gir hans musikk dens særegne kjennetegn. Musikken kan oppleves som et slags ekko fra flere verdener som samles i et seglemsk klangunivers. Et sted hvor det urbane og rurale møtes i et vakkert og følsomt fellesskap.

Svein Andersen, 11.des.06. Aftenposten

07 desember 2006

når ein musisk mann skriv

eg har kjent det på meg i heile haust. at dei har rasla med sablane sine.liksom. litteraturfolket. vitarane. kritikarane. forfattarane. utvala. ordningane og så videre og så videre. heile gjengen. dei likar ikkje at slike som eg skriv. og endåtil vågar. har fått gjennomslag for og publisert ei poesibok. dei likar det ikkje. alle desse portvaktarane i dette vesle litteraturlandet. eg står i mitt. og eg kan forstå det. maktar forstå det. har såpass oversikt over det eg driv med i forhold til andre at eg ser, les, høyrer, kjenner. på T bana desse dagane har eg lese ei lita bok, ein pamflett som kom i 1996 – om “Den nye lyrikken” som den heiter. Per Olav Kaldestad skreiv den. ein personleg gjennomgang av det som kom ut av dikt i 1995. han tek eit oppgjer med det han kallar dei bortvende og risikofylte posisjonane i norsk poesi – då. det slår meg, eller eg kjem på at eg tenkte det ofte når eg arbeida med poesisamlinga mi, at det eg skriv og no har publisert er risikofylt. det visste eg. det veit eg. at når ein musikar gjev ut poesi så inneber det ein stor risiko, store risikoar. for det fyrste skal ikkje ein musikar gjera slikt. skriving er for forfattarar må vita. har ei klar kjensle av at fleire tenker og faktisk meinar det. og som alltid har eg denne hangen til paranoia, at det er nokon som er etter meg og ikkje i det heile aksepterar at slike som eg får driva på, eller rettare sagt driv på som eg gjer. for det andre er desse portvaktarane ekstra ekstra på vakt når ein kunstnar kjent for noko anna enn å skriva, skriv. og det fører til det tredje. nemleg at krava som blir stilt til ei slik poesisamling, skrive av ein komponist og musikar er høgare, strengare, meir kritiske. av grunnar eg har nevnt.

trøyst å finna i å tenka tilbake på dei fine reaksjonane eg har fått når eg har lese dikta mine denne hausten som no kanskje snart blir vinter. og trøyst eller inspirasjon å finna i dei få gode omtalane poesisamlinga har fått. enkle ting. ikkje la seg knekka så lett. trøyst å finna hjå kaldestad som siterar W.H. Auden: “Den poesien som ikkje er betre når han blir lytta til enn når han blir lesen, er ikkje god poesi”. Og vidare noko om at livet blir borte frå skrifta når talen ikkje får svinga med – liksom utforskinga også lett kan bli borte når skrifta blir utvikla i eit for stort einerom.
eg kunne ha gått nærare innpå korleis og kvifor og på kva måtar eg skriv – i forhold til andre poetar som har gjeve ut bøker i haust. men det er litt tidleg. tida jobbar for meg – og dikta. utan at dette er meint som noko svulstig proklamasjon på at eg er misforstått poet. men svulstig, sentimental og ordrik skrift er ikkje for meg. det er nok av poetar som driv med slikt. eg kjenner berre at eg er stolt over å ha fått til det eg har fått til. også i skrift. i evalueringens lys skulle eg gjerne teke ein runde til med siling, saman med den eminente redaktør, eller trumfa gjennom høgdeformatet på sjølve boka, slik at dei lengste og på ein måte enklaste dikta ikkje vart sidedelt eller slutta heilt nederst på ei side. form. enkle ting. så vanskeleg.

dei kan rasla med sablane sine dei som raslar. eg er ikkje redd dei. iallfall ikkje dei. dei får meg ikkje til å slutta med å skriva om det er det dei trur. eg skal nytta høvet godt i det videre. til å skapa det som skal skapast. spela det som må spelast. komponerast det som må komponerast og skrivast det som må skrivast.

06 desember 2006

vurderar terningkast-tatovering for all god skrift

BERGENS TIDENDE 6 av 6
Ruralurbanisten

Høydepunkt i Seglems store produksjon

Karl Seglem har med “Urbs” lagt enda noen
dimensjoner til sitt allerede særpregede og
omfattende musikalske univers. Kombinasjonen
av bukkehorn, hardingfele, perkusjon, saksofon
og elektronika har på denne platen også fått
selskap av gitarer traktert av Olav Torget. Det
gir musikken enda større spennvidde og fylde
enn før. Musikerne på “Urbs” er med å skape
dette universet der urnorske lyder møter
storbyens pulserende uro. Reidar Skårs elek-
tronika er en av forutsetningene, Håkon Høgemos
hardingfele en annen, Gjermund Silsets bass
og Helge Norbakkens rytmer er grunnmuren
som de andre kan reise byggverket på. Og
Seglem er overveldende, enten han tryller med
bukkehornet eller lar saksofonen synge. Det er
egentlig håpløst å rubrisere musikken på “Urbs”.
Ruralurbanisten Seglem lar seg ikke fange inn
av noe sjangebegrep. Når musikken likevel
er umiskjennelig seglemsk, vitner det om
musikalsk mesterskap.

Olav Gorseth

05 desember 2006

og her trillar terningskrift til seks

Saksofonisten og innovatøren Karl Seglem fortsetter å åpne nye dører. Med «Urbs» har han sammen med et delvis nytt band nok en gang fortalt oss at han er ustoppelig i sin søken etter noe nytt og høyst personlig.

Karl Seglem Urbs
NORCD/Musikkoperatørene

På slutten av 80-tallet gikk Karl Seglem fra plateselskap til plateselskap med musikken sin – uten videre hell. Det skal vi være veldig glad for. Det førte nemlig til at Seglem starta sitt eget selskap, NORCD, og fram til i dag har selskapet gitt ut 23 CD-er – i stor grad strålende musikk som neppe hadde funnet veien ut gjennom etablerte selskap.
De knapt 20 åra som har gått siden NORCD så dagens lys, har også ført til at Seglem har hatt fullstendig frie hender til å gjøre akkurat det han har følt for kunstnerisk. Det har vært kort vei fra kunstneren til direktøren, kan man trygt si. Her har det aldri vært snakk om å kompromisse og det bærer da også musikken preg av.
Med «Urbs», som er latinsk for by, viser Seglem oss kanskje i større grad enn noen gang forbindelsen mellom sin oppvekst i Sogn og Fjordane, nærmere bestemt Årdalstangen, og sitt voksne liv i storbyene Bergen og Oslo. Inspirasjonen fra fjellene legger han absolutt ikke skjul på – heller ikke byene, og denne motsetningen trer vakkert og sterkt fram i musikken som har mye tradisjonsmusikk i seg sammen med mye elektronika og jazz.
Det blir til sammen et brygg Karl Seglem er helt alene om på denne jord. Med sin tenorsaksofon – det er mulig å høre at han har lytta til Jan Garbarek i oppveksten, men det er absolutt ikke noe å skamme seg over – det særegne bukkehornet og en hel del elektronikk, Håkon Høgemo på hardingfele, Helge Norbakken på trommer og perkusjon, Gjermund Silset på basser og gitar og Olav Torget på gitarer, ngoni og baglava, har Seglem & Co skapt en musikk og en sound som de mer enn gjerne kan dra ut i verden med.
Slik Karl Seglem og musikken hans framstår i dag er den så personlig, original, sterk, vakker og varm at man lett kan tro at Karl Seglem har funnet fram. Det tror jeg likevel ikke: Vi kommer garantert til å finne søkeren Seglem et annet sted neste gang – stadig på leting.

Tor Hammerø TV2 05.12.06 09:03

01 desember 2006

sit i bardufoss og ventar på eit fly

og då har firmaet isglem planar om julebord. me går inn i jubileumsåret 2007 for duoen og strategien for julebordet er å finna gode markeringsarrangement i året som kjem. målet må vera å spela så mange jubileumskonsertar som muleg. duoen starta med å menga seg med rottene på den legendariske rockeklubben Hulen - på dagtid. der øvde me knallhardt i timesvis fleire dagar i veka fordi me hadde funne ut at det var kjekkare å vera to enn ein - også når ein øver :-) dette var altså i 1987. tjue år seinare sit med i eit rom på bardufoss hotell (og drikk juleøl), etter å ha spelt elleve konsertar denne veka - trettiseks i løpet av denne hausten. i den norske skule. det er stas og går så godt at. me likar det. julebordet begynnar om ti minutt for då opnar restauranten her. flyet går om tre timar så me har god tid. det har regna heile veka og ein kan ikkje nett seia at det har vore særs mykje lys over landskapet. men me har skapt lys he he. planane for jubileumsåret skal eg koma attende til. her er mange mulegheitar på mange plan.