01 desember 2006

sit i bardufoss og ventar på eit fly

og då har firmaet isglem planar om julebord. me går inn i jubileumsåret 2007 for duoen og strategien for julebordet er å finna gode markeringsarrangement i året som kjem. målet må vera å spela så mange jubileumskonsertar som muleg. duoen starta med å menga seg med rottene på den legendariske rockeklubben Hulen - på dagtid. der øvde me knallhardt i timesvis fleire dagar i veka fordi me hadde funne ut at det var kjekkare å vera to enn ein - også når ein øver :-) dette var altså i 1987. tjue år seinare sit med i eit rom på bardufoss hotell (og drikk juleøl), etter å ha spelt elleve konsertar denne veka - trettiseks i løpet av denne hausten. i den norske skule. det er stas og går så godt at. me likar det. julebordet begynnar om ti minutt for då opnar restauranten her. flyet går om tre timar så me har god tid. det har regna heile veka og ein kan ikkje nett seia at det har vore særs mykje lys over landskapet. men me har skapt lys he he. planane for jubileumsåret skal eg koma attende til. her er mange mulegheitar på mange plan.