30 desember 2006

til kenneth

ei brå forandring
ei svart rørsle mot molda
ikkje gløyma molda men hugsa den
sjå den
sjå i den
sjå deg i den
såg deg i den

det var jo oss
me skulle
me skulle me skulle me skulle det
me gjorde me gjorde me gjorde

handla
skapte
forsaka alt anna
så lenge
så lenge sidan
og så kort

så fort
å mista ein ven ein ikkje lenger hadde
likevel så full av den ven
full av den kraft
full av det som ikkje kan seiast
ikkje kan skrivast
kanskje kan spelast

kanskje kan den sorg klinga
som eit vakkert minne
løftar seg frå havet
mot sola og månen

ei rørsle av deg
mot himmelen