22 november 2005

meir regn meir bergen

tre konsertar idag. på barneskular like utanfor bergen. arna. inspirerande arbeid. krevande arbeid.konsertar for barn og ungdom har eg arbeida med sidan i nittenåttifem. det er tjue år det. framleis gjev det meg mykje. utviklar meg. inspirerar meg. konsertane er ikkje mindre viktige idag enn når eg starta. kanskje tilogmed viktigare. det er mange førsteklassingar som aldri har høyrt ein saksofon eller eit bukkehorn og som heller ikkje har blitt satt på den prøven å halda munnen igjen og øyrene (ikkje augene) opne over forholdsvis lang tid. konsertane varar frå tredve til førti minutt. høyrsla er ein undervurdert sans. undervurdert eller underprioritert. vi må læra å bruka den som vi må læra å bruka augene - men det er vanskelegare. for dei fleste. heldig eg då som kan reisa rundt på skulane i norge saman med slagverkaren og opna øyrer. det er det me gjer. grovt sagt. eg gler meg til kvar dag. og sjølvsagt regnar det framleis. hittil iår har det regna eithundreogåttisjudagar. i heile fjor var det tohundreogfemten regnværsdagar. så det er sagt. det regnar alltid i bergen.