15 november 2005

om skrift om lyd

Seriøse norske kritikarar av musikk er i klart mindretal. det er stadig like fasinerande å lesa, som utøvar, komponist og produsent, kva enkelte kan få seg til å skriva. kor fjerne dei er frå det eg held på med. eller kor fjern eg er i forhold til det andre held på med. kor mange av mine tjueein album har dei høyrt. kva forståing har dei for musikken min. i den gamle jazzmeldarens vokabular er eg sogningen som spelar småsurt, og mange finn dessverre ikkje jazzforma: melodi-improvisasjon-melodi i min musikk. difor er musikken uforløyst. manglar form. at eit naturtoneinstrument i seg sjølv er svevande, er også ein svært interessant observasjon. likeeins at det norske bukkehornet er eit ikkje-vestleg instrument som i samspel med såkalt vestlege instrument ikkje høyres heilt reint ut i jazzmeldarens øyre. " - kanskje dette er meningen?" - kanskje. overtone-spel på tenorsaksofon kan jazzmeldaren også mykje om. men sidan eg har spelt det, og det på ein måte som ingen andre tenorsaksofonistar i verda kan spela akkurat det, er det ein tanke irriterande at kunnskapen eller horisonten, høyrsla, er så eindimensjonalt innstilt hjå den som melder. skriv. skrift om musikk er vanskeleg. folk som ikkje kan skriva om musikk burde la vera, eller kanskje det er nettopp dei som burde skriva. dei gjer oss til bedre musikarar fordi dei skriv så elendig. følg med i timen. nokon meinar bestemt at dei gjer det, men det dei skriv fortel noko heilt anna.

det som er løyst hjå nokre er uforløyst hjå andre.
våre liv i lyd formar oss og våre øyre. vår høyrsel.

kanskje eg må spela inn tjueein album til før jazzmeldaren forstår kva eg driv med. nei eg trur ikkje det vil hjelpa. eigentleg. eg treng heller ikkje at det skal forståast - av jazzmeldarar med innskrenka høyrsel. det er noko anna eg driv med enn det nokre kan høyra. vil høyra. slik er det berre. kvifor skriv dei ikkje at dei ikkje likar det ut frå sin høyrsel, sin kunnskap. istaden for å vasa seg inn i meiningar dei eigentleg ikkje har. det er jo ein ærleg sak. ein treng ikkje lika det. feitt nok. eg veit kvar eg står og må arbeida videre med det. det er det viktigaste av alt. hald på med ditt som diktaren skreiv det.