27 november 2009

framleis på sosialen

sidan det ikkje gjekk ann å redigere eller skriva vidare på det innlegget eg hadde begynt på. (det skal jo gå då kløne)
eg tenker at dette er ein stad eg kunne ha oppretta som stamkafé. i gode gamle ibsen, sandemose, bjørneboe og andre si ånd. sine ånder! gå hit frå kongens gate - som som kjent er ei forlenging av møllergata eller omvendt, kvar dag til eit visst tidspunkt slik at til dømes servitørane på stortorvets gjestgiveri, narvesen-tilsette på stortorvet eller damene på blaze kunne stilt klokka etter meg. foto-video butikken over gata har vel nok med å selga digitalt utstyr av ulikt kaliber.
heretter går eg på sosialen. seier eg til meg sjølv. må eller vil skriva rapportar herifrå fleire gonger enn i dag. lovar eg meg sjølv. og det er igrunn nok folk å lova noko til. biffsmørbrødet var heilt suverent godt. det er ikkje folk her ellers. ingen trur eg. er eg åleine på sosialen? ikkje andre enno antageleg. kanskje har dei vore her til lunsj og kanskje er det full trøkk ikveld. det skulle ikkje forundre meg det minste. at det er mange som går på sosialen veit me jo. det heiter nav med eit anna ord. mange er inne i navet. blir sikkert fortumla av å tumla rundt der. her sit eg. mange går forbi. ymse. kjekt å sjå.karakternorge. og der drog isbilen forbi i november. eg betalar og går. første gong på sosialen. ikkje siste.