16 november 2009

tolv komma ni kilo poesi


idag måtte eg krypa til korset og det vil seia det kom ikkje overraskande på i det heile for tidleg i haust gav forlaget melding om at poesisamlinga mi skulle makulerast. altså dei eksemplar som ikkje er solgt. eg fekk muligheiten til å bestilla rest-opplag og tjuefem eksemplar skulle til eit slags antikvariat eller lager. fekk ikkje heilt med meg innhaldet i eit brev nummer to som forlaget sendte ut, der dette med å kunne kjøp deler av restopplaget til eige bruk vart utelate. det gjekk meg hus forbi men her ein dag fekk eg melding om at det var komme ei pakke og eg tenkte med meg at det kan jo ikkje vera så mange bøker dei har sendt, samlinga vart som venta ikkje nokon bestselgar, og ikkje var den særleg tjukk heller så dette var noko eg kunne ta under armen eller i ein sekk tenkte eg. eg sjekka ikkje kiloprisen på sendinga før eg gjekk til posten. der såg eg nok overraska ut i andletsfjeset når pakken vart utlevert. det var litt poesi, for å seia det slik. tolv komma ni kilo var pakken. vegen frå økern med nesten tretten kilo poesi var lang. det var og er heller ikkje hyggeleg å tenka på at no er mange bøker sendt til grønmo eller kvar dei no sender dei? og makulert, øydelagt, destruert, til det vi kallar søppel eller luft eller biomasse. kva veit eg. resirkulert vonaleg. eg har høyrt om forfattarar som brukar poesisamlingane sine som isolasjon i skrivestovene sine. det treng eg ikkje men kassen står no her. det som er att av boka eg skreiv. eg har ikkje opna den for å sjå om det er tjuefem eller femti eller hundre bøker. litt spenning må eg ha - i kvardagen.