18 februar 2009

På tur med Hurtigruta

Eg må vedgå at eg lenge hadde tenkt og hatt lyst til å reisa med Hurtigruta. Eg var tilogmed innom Midnattsol når den låg i Oslo under reiselivsmessa nyleg. No har eg gjort det. Tur - retur Brønnøysund - Trondheim, i samband med at eg hadde frihelg og kunne kombinere det med eit møte. Eg angrar ikkje. Det er ei unik reise - nærast uansett kvar ein går ombord og på land. Tenk eg hadde to heile dagar og vel så det “for meg sjølv” på reise.Tok meg tid. Langsam reise på vatn frå eit punkt til eit anna langs den vidstrakte kysten av landet Norge. Ei eiga stemning. På returen attende til Brønnøysund eit utruleg lys, som berre her nord, i den blå timen etter at sola forsvann ned i havet nord for Trondheim ein stad. Eg vil tilrå fleire å ta ein slik tur. Særleg utanom sesongen som det heiter. Det gjer noko med ein.
Sørover tok eg Vesterålen. Nordover ein av dei eldse båtane, Lofoten. Eiga stemning på dei begge. Eg er ein av dei som ikkje forstår at Hurtigruten står i fare for å bli lagt ned - eller redusert, men om ein ser på prisane både på reisa og ombord har Hurtigruta litt å læra av Oslo Sporveier. Sett ned prisane på enkeltreiser eller distansereiser mellom ulike stader på ruta. Fleire gode nordmenn vil bruka den. Garantert. Og set ned prisen på mat og drikke. Å betala tjuesju kroner for ein svart kopp med båtkaffi er drygt - og det var ikkje påfyll. Ein tre rettars middag kosta tresyttisju (om du ikkje har førehandstinga). I og for seg greit - om ein hadde lagt seg litt meir i selen både med maten og serveringa. Vi er rimeleg kravstore vortne på slikt etter kvart. Men uansett - eg hadde ein finfin tur og neste gong tek eg med meg familien min - utanom sesongen. Må Hurtigruta leva lenge lenge. Den er unik. Prøv “sakte reise” i år - eller neste år -