01 mars 2014

India

Musikken tek meg til mange stader. Det inneber mange sterke opplevingar. Reisa heilt til Dehli og framføra min musikk. Det er morgon den femte dagen i Dehli og eg skal forflytta meg til Ahmedabad seinare idag. Inntrykka er mange. Her på Jaypee Vasant Contintal går jo hotellmaskina for fullt heile døgnet og ein er totalt skjerma frå det fargerike livet som føregår på dei andre sidene av murane rundt. Eg har køyrt mykje bil til og frå konsertane og ser og ser. Studerer det heile på "trygg" avstand. Det er mange ting eg ikkje visste var som dei er. Det flyt av søppel mellom anna. Overalt. Like mykje folk som det er søppel og det heng ihop. Det er jo for mange folk her - i høve til areal. Trafikkbildet er nokså likt det eg opplevde i Islamabad. Filkøyring er eit ukjent omgrep og det er ei gåte at det går så bra. Men eg vil tru det årlege talet på drepte i trafikken her i Dehli er forholdsvis høgt?
På skulekonsertane har eg igjen fått stadfesta at vi er like, at musikken er eit fantastisk språk. Eg opplever ikkje at det er ein klisje. Det er ekte. Når du får folk til å lytta, og det er det musikkformidling handlar om først og fremst. Eg har kjensla av å få fortalt noko, sjølv om eg trur fleirtalet tykkjer musikken er svært framand for dei. Så viktig å vera fokusert her og no. Der og då. Full konsentrasjon. Det er krevande men eg får mykje att - etterpå. Det vil ta tid og det skal ta tid. Fordi inntrykka er så mange og så sterke. Eg møter ein hjartevarme og ein gjestfridom som er unik. Og den største skilnaden frå heimlandet er at alle har stor respekt for musikarar som formidlar, spelar musikk. Dei legg alt til rette for at musikkopplevinga skal bli til beste for alle. Alltid gåve før konsert, alltid kaffi/te og ein liten prat før vi blir visst til garderobe og scene. Det tek den tiden det tek.
No skal eg avstad å springa. På samme stad vel å merka - men det er for vågalt å legga i veg på jogging utanfor gjerdet her. Eg trur eg fort hadde sprunge meg heilt vekk.
Møtet med India har gjort stort inntrykk.