09 mars 2014

India 4

6 konsertar i New Dehli. 9 konsertar i Ahmedabad. Hardt arbeid der vi møtte mange utfordringar kvar einaste dag. Utfordringar eg meinar vi takla og løyste på ein slik måte at dei aldri spolerte vårt fokus på å levere god og ærleg musikk frå ei scene. Indarane er eit støyande folk. Dei lagar mykje lyd og er mange. Det er ikkje så stor skilnad på folk i verda idag med tanke på evnen og fokuset på det å kunne eller ville lytta. Eg trur generelt - på verdsbasis (for å sjå stort på det) at mange er på vikande front, at konsumet av synsinntrykk er så stort og sterkt at vi i mindre grad vågar, ja rett og slett vågar å la det bli heilt stille, eller over kortare tid (som t.d. ein 60 minutts konsert) vil bruka tid på det å "berre" lytta, til musikk. Tidvis klarte vi det på eindel av konsertane. Der tilhøva låg til rette. Og på nokre konsertar var kommunikasjonen med det unge publikummet svært bra. Utan ord få dei med inn i ein for dei heilt ny verden av lydar. Der er nokre augneblink eg alltid vil hugsa. Både frå konsertane og andre situasjonar. India har gjort stort inntrykk.