21 september 2012

Utla spelferd 2

og vips så var det fredag og ikkje lenge til rigg og lydprøve i Førde. Konsertane på Voss, kontorkonserten i Førde og konserten i Florø gjekk svært godt vil eg sjølv hevda! Me fekk som fortjent som det heiter. I skrivande stund skin soli inn glaset her og alt vatnet som fram til no har falle ned over hovuda våre sidan eg flaug over til Bergen på tirsdag, er gløymt. Slik er vestlendingen. På fjesbok skriv no folk i Bergen i svulstige ordelag om kor fantastsisk fint det er der - så me gler oss ekstra til å komma dit imorgon. Folk må bli retteleg danselystne vel? Eit fint lønnetre står med raude, oransje og gulgrøne blad utanfor og det er som om alt og alle tek ein djup innpust som førbuing til vinteren som me alle veit snart er her. Ein sinnsvak høgljoda mobil graskløppar (med mann oppå utan høyrselsvern) heldt like fullt på ein halvtimes tid utanfor glaset her må vita. Det sler ikkje feil. Graset er grønt. Siste runde på den også kanskje?
Eg kryssar fingrar for at det kjem (masse) folk ikveld også som vil lytta og kan løfta den gamle musikken til Utla opp og ut og inn i kvelden. Det er storvegs å spela med karane Håkon og Terje. Springar, halling og rudl med meir. No er det av stad - til lyd.