19 september 2012

Utla spelferd 1



Spelferda startar ein dag før spelferda startar. Eg dreg til Bergen for å øva med resten av trioen.
I den byen, som i dei fleste andre, går livet som det alltid har gjort. Allereie i taxien frå flyplassen ser eg også denne gongen nye bygg, nye vegar. Dei har mellom anna fått eit staseleg? glashus ved bystasjonen og dei har fått eit staseleg? glasbygg på kaien som dei kallar fisketorget. Det er det ikkje lenger (eit torg altså). Eg går over fiskebrygga etter å ha vore i møte med Jørn om høve til å konsertere i Bergen til våren, og etter å ha fått låne fint øvingsrom der eg fekk spelt litt. Midt på brygga som ikkje lenger er eit torg står ein mann og slepp ein svær fis. Det er litt løge men eg går forbi sjølvsagt. Tenkjer at det er kanskje ikkje så løge til å vera Bergen? Ein driv på med slikt her. Kjenner seg frie nok til å gjera slikt utan å måtte dekka seg til? I tilværet. Eg vitjar min designerven Kåre og eg går på Dampen og kjøper biff. Så er det rett på øving oppe på Laskevågloftet. Ei svært fin øving blir det.
Me treng Utla. Nei: "Utla trengs, " sa ein kollega av meg då eg fortalde at trioen skulle på spelferd igjen. Det tykkjer eg er fint sagt. Eg trur han har rett. Norge treng at tre vaksne karar reiser rundt og spelar akkurat den musikken som Utla spelar. Av mange grunnar eg vil komma attende til. Fem konsertar på vestlandet står for døra. Eg reiser meg snart frå stolen på dette hotellrommet og sjekkar ut. Hentar leigebil og plukkar opp forsterkar, kamerastativ ein stad, trommis, trommer, perkusjon og Utla-sidér ein stad, lydutstyr på Nesstun, felespelar på Trengereid - og me dreg til Voss. Først verkstad for ungdommar, så lydrigg og første konsert klokka 20.00 ikveld på Tre brør.


                                                     UTLA, Bildet er frå 2001, teke av Ketil Jacobsen