07 september 2012

vedtur og anna tur

eg har utsikt over Oslo by og i ettermiddag skin soli sterkt og vinden ruskar. himmelen er skarpare - igjen september, igjen mot haust. imorgon er det ved-henting i Østfold og kanskje ein tur over grensa? det blir i så fall første gong familien tek ein tur som mange, inkludert oss sjølve, kallar "harry-tur". komma heim med kylling og flesk og snop? og ved. veden er og blir viktigare så eg får konsentrere meg om den. kulden kjem tidsnok, ja som regel alltid før ein ventar den. i vinter skal vi iallfall ikkje ha for lite ved i hus men kunne fyra i omnane akkurat så mykje vi vil. eg har ein teig ved steinsbruvann som eg også må ta. oslo kommune har sjølvhogst av ved. det vil vel ta to dagar å få rydda, saga, kappa, køyra heim og kappa og kløyvva. og det er jo neste års ved. denne gongen mest furu trur eg. håpar på å komma meg ut i skogen onsdag i neste veke. luft i skallen trengs - før mørket omfamnar meg heilt. og hausten er ei skapande tid. eg får framleis mykje energi av denne årstida. så då er det berre å gå igang....