Utla spelferd 3
førde og bergen var storvegs - på kvar sitt vis. haarklousalen var full - og for eit publikum!
lydhøyrt og engasjert. på konserten sa eg at Utla har spelt to gonger på Førdefestivalen. det stemmer ikkje. det er berre ein. og det var i 1993. det betyr at det er tjue års jubileum neste år. eg skal iallfall prøva å få konsert der.... vi avslutta på rommet til terje med Saps at Sea! say no more.... og siste siderflaska gjekk der....like god... apneseth, faleide og Nomeland og utla lo alle godt....
- og i Bergen dansa dei som berre det. i gimle. veldig fin sal og veldig kjekt å spela til dans.det var storvegs. rett og slett. det er alltid det. sjå så mange flinke folk dansa desse gamle dansane så bra. det vart ein magisk kveld. rett avstad søndag føremiddag og inn i årdal kyrkje og angra våre synder. ein av dei beste konsertane. ein kan vel ikkje seia at det var mykje folk - men ikkje så verst til å vera Årdalstangen - og det er som kjent og som vanleg veldig langt å reisa frå øvre årdal. forstå det den som kan. eg personleg har aldri gjort akkurat det. forstått det. kjemperespons og eit herleg publikum.
her og no i regnet i eit buss-sete! det regnar ikkje i setet - men veldig veldig der ute. køyrer inn i oslo seint tirsdag kveld. køyrer i ei sluse av vatn... og eg er øm i låra etter å ha gått ned 600 meter på 50 minutt før idag - frå løst. hadde ei flott døgn der saman med bror erling. maling og rydding... ein plass å ta vare på.
rett inn i oslo. stanga hovudet i byen. svart haust. eg ser fram til solnedgangskonsert på lista på torsdag og haustferie i gausdal frå fredag. då må eg litt ned....eg klarar det også. tek med motorsaga og trør ut i skogen...