10 januar 2011

bøker

eg er inne i eit skikkeleg godt lese-raid, og er i ferd med å katalogisere boksamlinga vår. ein fin kombinasjon det. det siste som eit resultat av at det måtte tørkast støv av bøkene som dekkar ein heil vegg i vetlestova på sinsen. mange eg kjenner har pakka bøkene sine ned i kassar og satt dei på loft eller i kjellar. dei argumenterer for at det liksom ikkje er plass - i dei svære stovene dei har. eg mistenkjer dei for å lesa og sjå for mange interiørblad. dei såkalte interiørarkitektane ( der er det mykje rart) har stor makt over det norske folk. trenden no er jo at det helst ikkje skal vera eit menneske eller ein ting i interiøret. og helst skal det målast kvitt. morosamt er det. eg tykkjer bøker er vakkert. eg likar å omgje meg med dei. dei skal stå framme. dei er ein del av meg og viktige for meg - veldig mange av dei. vel og merka så siler eg no. det er eindel bøker som ryk ut, som eg aldri har hatt noko forhold til, som eg aldri har lese og heller ikkje kjem til å lesa. dei går til fretex eller ..... til papir-attvinning. ikveld skal eg begynna på bokstaven j der roy jacobsen med vidunderbarn er første mann ut. eg las den nyleg. ei flott barndomskildring frå 1960-åra. eg har også lese Per Fuggeli si bok "Døden, skal vi danse" eg tilrår den. døden er tabu i vårt samfunn - og det er mildt sagt eit paradoks - i livet som aldri har annan utgang enn døden

2 Comments:

Blogger Mai Lene said...

Å rydde i bøker har eg òg gjort. Har i alle fall nok å rydde i på kontoret! Men det er ikkje eg som bestem kva som skal bli tatt vare på og kva som skal til gjennbruken/fretex!

2:54 p.m.  
Blogger rønnaug s. said...

på fjesboka i dag var det lagt ut visning av saltdalshytta, ho var kvit innvendig, og ikkje ei bokhylle å sjå, men det kan hende den er inni eit skåp, slik at dei får det "stilig nok"!? artigt når eg les bloggen din i går. mange skåp må det i alle tilfelle vera, for dei har da vel klede, utstyr og andre ting dei som bur på slike stader og!

10:45 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home