17 januar 2011

åpen eller lukka klasse

før helga fekk eg vita at eg var innstilt til spellemannprisen 2010 for Ossicles. eg vart glad og stolt. nominert i den vanskelege klassen åpen klasse. idag var det pressekonferanse. selsomt, ikkje direkte morosamt. besynderleg rart. på ein annan planet? eg vart geleida ned ei trapp. det var etter ei stund kaffi å få og sjokolade stod det der. eg vart informert om at eg skulle gå inn i eit rom ved sidan av når eg fekk melding om det. der skulle eg stå framom eit kamera og fortelja om meg sjølv og utgjevinga mi. kva eg heitte og kven eg var og i det heile. tv2kameramannen sa at han ikkje i det heile hadde peiling på journalistikk, eller kven eg var og kva eg var nominert for eller i det heile kva eg gjorde der og i det heile teke, og tv2dama som geleida meg inn sa at det var viktig å gje av seg sjølv. eg gjorde som dei sa. det kom litt brått på. men eg spelte litt på bukkehornet også. det trur eg kom som eit sjokk på dei. at nokon kunne ta fram eit instrument å spela. så var det å venta til pressekonferansen skulle begynna. cirka ein time. då hadde eg ein hyggeleg prat med ein trekkspelar, ein jazzmusikant, ein plateselskapsmann, ein rockar, og ein byråkrat eller to. eg drakk kaffi og åt eit godt smørbrød med stavanger-skinke av alle ting. eg forstod ikkje at pressekonferansen var i ein annan etasje og at journalistane etter at den var ferdig fekk melding om at vi - artistane kunne treffast i etasjen under. ingen informerte oss artistar noko særleg om noko som helst. dette var noko eg burde vita for slik gjorde dei det året før. brått fekk vi melding om å gå opp ei trapp for no kom pressa ned. dei gjekk raskt igang med å intervjua og ta biltete og video av artistar som etter det eg har fått med meg er intervjua omlag tre hundre dagar ellers i året. eg er ein gammal ringrev i bransjen og har jo sett det før, men eg blir like overraska kvar gong. det virka som om det var liten interesse for andre enn dei som allereie er kjente for dei fleste. dette er ein rar mekanisme å oppleva for ein som er så naiv og tosken at han trur at dette handlar om breidden i norsk musikk - som eg ser på meg sjølv som representant for. er det berre på papiret at spellemann skal vera ein fest og ein pris for alle i bransjen? og kven i all verda er det som utdannar desse einspora idiotane av nokre journalistar som forfell så fort? dei kan jo ikkje ha verken nysgjerrigheit eller integritet ein einaste ein av dei? kva er det dei lærer på journalistskulen? til dags dato har ingen i norske media intervjua meg i samband med at eg fekk buddy-prisen heller (norsk jazz høgaste utmerking). ikkje ein. men no må eg ikkje spore av. eg vil ikkje framstå som nokon grinebitar og vera sur for at eg liksom ikkje får noko merksemd. slik er det ikkje. eg får nok merksemd - men ikkje musikken min! ha meg unnskyldt. men eg stiller meg veldig undrande til desse "mekanismane". kvifor er det slik i dette landet - og store deler av verda, at fokuset på dei som allreie har fokus blir fokus igjen og igjen (filosofisk sagt). at det er plass til anna? vi får den pressa vi fortjener. den musikken vi fortjener ut frå pressa? nei. musikken er langt forut for pressa. mangfaldet er stort. og dei som arrangerer spellemann ser det kanskje. prøver. norsk presse gjer ikkje det - i det heile teke. dei er heilt "lost" og gjer ikkje jobben sin på ein pressekonferanse som dette. dei er rett og slett ikkje interessert - i breidden i norsk musikk. rett og slett ikkje interessert i musikk. det var eigentleg godt å få det konstatert. igjen. så veit eg kva eg går til - kven eg har med å gjera på den kanten, når prisar skal delast ut.

1 Comments:

Blogger rønnaug s. said...

om ikkje pressekonferansa var morosam så tykte eg i allefall at innlegget var det! trur nok ikkje tv2-folka er på topp blant dei som hører på ossicles, og menneska er flokkdyr og føler seg mest bekveme der, så da endar vi opp med slike forestillingar som dette. som tilhørar på kommunestyremøte og spørsmålsstillar etterpå, til måten ting foregår på, får ein bekrefta at dei ikkje opptrer som sjølvstendige individ. ganske rart, men dei held seg blindt til bjøllesauen! det er bra det finst slike som du!

12:55 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home