klangløft : kunstløft
ifjor fekk eg midlar av norsk kulturråds kunstløftet - til å dukka inn eller ned i eit skriveprosjekt som går på å formidla mine erfaringar i det å ha reist rundt på norske skular og spela for born - noko eg har gjort sidan 1985.
eg har hatt nokre periodar der eg har arbeida intest med denne teksten, men kjenner at det står framleis mykje igjen. det er som med musikken - som å komponere. ein må ta vekk og ta vekk - for å sitta att med noko som kan og skal formidlast. målet, eller kven dette skal ut til, kven skal lesa det må sjølvsagt også vera tydeleg. eg har lyst til at desse erfaringane - både konkret og meir teoretisk skal komma mange til gode - fordi dei er viktige.
Eg har arbeidstitlane: Å vera til stades i klangane (om å presentere improvisert musikk for barn) som overskrift. Les du dette vil eg gjerne ha tilbakemelding på om du blir nysgjerrig: Her er litt meir om det eg arbeidar med:
Tekstane eg arbeidar med, er ein turnerande musikar sine tankar om å halda konsertar i barneskulane i Norge.
I det tilbakeblikket og den refleksjonen som tekstarbeidet har mål av seg til å bli, er refleksjon i augneblinken sentralt. Både i musikken og i skrifta. Eg skriv det ikkje slik det var. Eg må skriva det som var, til ein ny stad. Er det ellers nokon grunn til å skriva? Eg har som mål å skapa tekstar som byggjer på min bakgrunn og mine konsertrøynsler med barn, også som sjanger-overskridande musikar og komponist. I tekstane vil eg fokusere på korleis ein musikar må inngå i ein mangslungen og samansatt formidlingssamanheng i konsertmøter med barn. Dette møtet kan ikkje reduserast til kun musikalske element, eller definerast snevert.
I perioden 1985-2010 har eg gjennomført over 2000 konsertar i skulen som turnerande musikar for Rikskonsertane sine skulekonsertar *turneliste). Den erfaringa eg gjennom dette har tileigna meg har hatt stor verdi for meg som utøvar/komponist med ei karriere som jazz- og world musikar i Norge og utlandet.
Teksten vil synleggjera mine erfaringar med formidling av kunst for barn. Den set søkelyset på den kunnskapen eg som musikar sit inne med, og utforskar nokre “skilnader“ i høve konsertar for vaksne, samt funderer over improvisasjon som verktøy i musikkformidling. Svært få musikarar har skrive eller sagt noko om dei vilkåra og dei utfordringane ein som kunstnar står overfor i produksjon, presentasjon, formidling av musikk for barn/unge, frå ein personleg og fagleg ståstad (som til dels autodidakt musikar / komponist).
Dei ulike aspekt og funderingar i teksten vil ta utgangspunkt i skildring av “ein / fleire vanlege“ skulekonsert-dagar, kva tettstad som helst i Norge. Skildring av dei konkrete møta mellom musikar og publikum.
Skulekonsertane har styrka meg i trua på at det er muleg å nå langt ut med langt såkalt «avansert» musikk. Det har styrkt meg i trua på barn som lyttarar er ekstremt til stades og får med seg det meste nettopp gjennom å lytta, bruka øyra. Desse perspektiva er for meg svært interessante og viktige. Eg vil arbeida for å få publisert teksten - tekstane - Håpar og trur dei kan ha interesse for mange. Både musikarar og folk i utdanningsystemet og kunstverda.