25 februar 2008

eg deltok på flokk:larm

musikkarrangementet som kom til oslo nokre dagar her i februar. det var moro. og underleg.fint og forunderleg. her kunne ein høyra mykje god og mykje dårleg musikk, og det som forundra mest var å sjå korleis flokkdyret i oss opererar ved slike tilstelningar. kva er det som gjer at det tilsynelatande ut av ingenting strøymde på med folk til ulike konsertar, medan andre musikarar spelte for nærast tom sal? og det på konsertar som i kvalitet og nivå var heilt på høgde. i mine auge vart mykje god musikk valgt vekk til fordel for det som i forkant var så opphausa at underteikna fekk kvelningsfornemmingar. historieløysa er ekstrem i musikkbransjen. og særleg i norge. her kan alle skriva om musikk. og gjer det. og dei skriv at dette er så nyskapande og fantastisk og har aldri vore gjort før. herregud.dei undervurderar sine lesarar så til dei grader - og dei tenkjer ikkje over det eingong. det er berre så ufatteleg dårleg og lågt nivå på til dømes det aftenpoften får seg til å skriva at ein kan spy. dei marsjerar i flokk og publikum med. grunnlag for eigne meiningar får ein ikkje ved å marsjera i flokk. det var uansett fantastisk å i løpet av ein laurdagskveld ha mulegheit til å høyra shining, katzenjammer, afenginn, finn coren, huntsville og karin park. tidlegare på dagen spelte kine til lunsj. konsertane mine med olav toget torsdag og bandet mitt fredag, er eg veldig nøgd med. kanskje vi får ein jobb i Paris i det minste.