FFNM: Folkerørsla for norsk musikk
idag er siste dagen i første rikskonsertrunde denne våren. det blir eindel av det framover. femten konsertar på sju konsertdagar i ungdomskulane i Nordland er unnagjort. det var lenge sidan eg hadde turnert i ungdomskulen. ei positiv oppleving. det er på mange måtar lettare å kommunisera med dei, eller få dei til å lytta på musikken over eit lengre tidsrom utan å måtte ty til verbale sidesprang. ikkje det at konsentrasjonsevna er av langvarig kaliber, men likevel. svært få, om nokre av ungdommane i det heile, hadde sett eller høyrt lyden av ei hardingfele eller eit bukkehorn før. å merka at dei sakte men sikkert vart drege inn i musikken vi (håkon, harald, meg) framførte var moro: sjå føtene begynna å gå på sistelåten. kanskje nokre av dei fekk ei a ha oppleving? kanskje. det må uansett sterkare lut til i forhold til nordmenns forhold til eigne tradisjonar når det gjeld musikk. ein kan bli deprimert av situasjonen. på turar som dette får ein høyrt eindel ufrivillig radio. reine torturen å høyra oslokjekkaspipestemmene bombadere eteren med vås og innhaldslause pønsj-linjer. høyres noko underleg ut når ein sit i den ytterste utkant på helgelandskysten for å seia det slik. og tristast av alt: ikkje ein norsk-språkleg song er å høyra. ikkje ein. tilogmed på nitimen idag som dura ved det utruleg fantastisk overdådige bugnande frokostbordet i bokstilbygget på ørnes hotell, var dei tre første låtane patetiske svisker sungne på engelsk. ikkje til å tru. slik sett er det jaggu godt turneen er over og ein kan bestemma sjølv om ein vil høyra radio eller ei. det skal bli fantastisk å reisa på vinterferie med familien imorgon tidleg. vi høyrer ikkje radio i bilen, men der blir det gummi- tarzan, nordstoga, prøysen, lydbøker og litt mgp junior (litt da pappa). litt merkeleg at det i såkalt barnemusikk er heilt uakseptabelt å synga på engelsk, eller? ungane vil ikkje ha det. mange vaksne har noko å læra. kanskje på tide å oppretta organisasjonen NMPRN: Norsk musikk på radio no. Eller FFNM: Folkerørsla for norsk musikk. Mon tru om den hadde fått medlemmar?
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home