08 januar 2013

sviv

eg sviv inn i eit nytt år. skriv eit anna tal til slutt. tretalet. og skriv poesi. til hausten er det sju år sidan eg gav ut stilla er ein åker. i kroken her på arbeidsrommet ligg fleire manus samankrølla. eg vil vidare og trur på ei forløysing om eg kan bruka eit slikt ord. det er ikkje nokon menneskerett å gje ut bok. eg forstår det. veit det. sikkert fleire grunnar til å la vera enn ikkje. eg er oppteken av lyd og rørsle og av å lytta mest. det er det eg lever av. å lytta altså. å skriva om å lytta, å skriva tankar om korleis det er å lytta meir enn å sansa gjennom auga er mitt prosjekt. eg lever gjennom øyra. gjer eg ikkje? no er fleire manus oske. eit nytt manus utskrive. så får vi sjå om det kan respondere i andre lyttarar. folk som kan lytta er i mindretal. ingen tvil om det. men om nokre kan lytta og vil lesa så trur eg at dei kan få noko - noko eg ikkje treng setta ord på. folk som går til poesien får - og dei kjenner det. alle som ein.