29 desember 2005

spikersuppelyden vinterstid og gleden ved gratisblekker

oslo freistar stadig å bli eller å vera ein stad som staden oslo ikkje er. oslo er ingen storby. til det er den rett og slett for liten. oslo er meir som ei litt større grend enn bergen. oslo er sjarmerande. ja. men kan det bli meir proviensielt enn lyden i spikersuppa vinterstid?

gudane si eng er det ordet oslo tyder las eg nyleg i lokalavisa. nokså sjarmerande tyding ja. og det nyttar ikkje kor heftig gratisblekkene natt&dag, sp(i)rit, planb og anna skum jobbar så sveitten renn. dei klarar ikkje å få oslo til å framstå som ein storby om dei så står på hove og drit i vinkel som me sa i gamle dagar. eg syns kanskje litt synd i desse flittige skrivarar men ler stadig høgt på passande og upassande stader under blainga i dei ulike blekkene. må berre lesa dei, ha bladd igjennom dei. føler meg liksom så hipp og oppdatert då. stakkars dei arme unge som må skriva dei riktige opp til dagen og innihelvetehippe meldingane om det siste som skjer i grenda. og uansett kva bygdetullingen fossen, liksomkjekkasen rolsness og patrioten stenberg gryt ut or seg så blir dei sitert, bombadert eller endåtil skriftleg likvidert av sine eigne. liksomstorbygratisblekkene. kosteleg. la oss håpa dei held det gåande og innad i familien vesleoslovest ei stund til. til glede for gamle lesarar.
og forresten var det litt skremmande og ikkje lite kvalmande å lesa ein viss vinger uten vingers skrift i siste nullfemnummer av dag&natt. fyren må jo ha blitt hovestups forelska for ikkje å seia forført av elvira sitt pludrande vås om hennar harde religiøse oppvekst og frigjeringa fram til eit album som snart er ferdig produsert for media. flaksevinger avsluttar det som liksom var eit intervju med å ropa etter gamalrockarane giske og bjørge. ropa at her er det nye norske musikkhåpet (ergo: send pengar). vel er vår nye kulturminister populist av den farlege typen som kan komma til å gjeva mest pengar til dei som ropar høgast, men gud hjelpe og fri og bevare oss om det er så enkelt som dette. kanskje det er nettopp det det er i grenda oslo.
tilbake til suppekokinga:
spikersuppa vert vinterstid fyllt med sørpeis og ei lydforureing som forsøplar halve karljohan opp til slottet. full guff med lyd i sjangeren ”urørt av menneskehendermusikk” i hovudsak frå det flotte utlandet. ein sjanger som stadig gjer seg meir gjeldande etter som studioa rundt i verda har grommare og dyrare lydutstyr enn nokon gong. (visse electronica-artistar skjønte dette (diverre) for lenge sidan). lydmøk. folk må ha noko å svinga rompene sine etter når dei endeleg har fått henta fram eller kjøpt seg eit nytt skeisepar må veta (ordet skeiser er eit lite nytta ord – og så vakkert). dei kunne i det minste ha bygd inn heile isflata. lagt lok på suppa. hatt skeiseisen i eit like stygt bygg som lyden. så stod det i stil og slapp å plaga ein stakkar. oslo vil gjerne høyrast ut som london eller helst n.y. kven har kjøpt og betalt denne arenaen midt i bygda for å spreia driten?

oslo er ingen storby. berre ei litt større grend enn bergen. oslo freistar stadig å bli eller å vera ein stad som staden absolutt ikkje er. synd. kan ikkje oslo berre få lov å vera ein sjarmerande, søt, hyggeleg og liten by. meir proviensielt enn lyden i spikersuppa vinterstid blir det ikkje.