Spelferdsøndag
"Nordic Balm
representerer eit nytt høgdepunkt i historia til denne kvartetten. Mellom
nærast hymnisk nyting, elastisk fjøring, og klarheit blir resultatet ein
vedunderleg balanse mellom kjærleik til melodilinjer på den eine sida og rom
for improvisatorisk fridom på den andre"
Jazzthetik (DE)
"For eit
samspel, for ei gruppe, for ei plate!"
fairaudio.de
"Når
sofistikert musikk skal vere balsam for øyra, då er sjølvsagt musikken til Karl
Seglem førstevalet. Det finst knapt nokon annan skandinavisk jazzartist som til
dei grader dyrkar den lyriske tenorsaksofonklangen og dei inderlege
komposisjonane i smeltepunktet mellom jazz, folkemusikk og
verdsmusikk" Sound-and-image.de
"Musikarane
kjenner kvarandre så godt at dei med kvar nye album tilfører både meir lettheit
og suverenitet inn i musikken. Avvekslande med førsteklasses klang, og med
arrangement som vitnar om årelangt samspel" HifiStars (DE)
"Komposisjonane
er enkle og folkloristiske, men i bandet sitt samspel oppstår ei klar og logisk
elv, som banar seg veg på til tider uventa vegar. Med hjarteskjærande linjer
som i «Lys i glaset», med oppatt-takande harmoniar («Helgheim» har stoff i seg
til å bli ein klassikar!) og tranceskapande rytmar. Seglem er og blir Seglem.
Og det er godt" nordische-musik.de (DE)
"Stort sett rolege
og repeterande klangar, lett melankoli eller drivande linjer som i
«Fjordskimr», der det arkaiske meir eller mindre fusjonerer med
TripHop" Jazz thing (DE)
Det er dette eg er på veg til å formidle, igjen
spela, her skrivande, sittande på eit fly mot Zürich. Eg gler meg altså til å
møta det opne og fordomsfrie publikummet i Tyskland og Austerrike igjen. 3 nye
stader, 3 stader der vi har spelt før. Eg er førebudd. Vi har øvd. Vi har med
oss det nye albumet, og mange av dei gamle. Eg håpar igjen det kjem folk på
konsertane, at dei blir med oss inn i musikken og at dei kjøper med seg vinyl
eller CD heim. Åpningskonserten er på Ali Theater i Waldshut-Tiengen, heils sør
i Tyskland, ikveld.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home