30 august 2013

kverni

tidskverni mel

mel og mel

krustar og knustrar sund dei sekundi

som i spegelen blir til år, tiår, hundreår

fallande grått

fallande oss

frå her me no står, går, spring

og let oss forflytte på hjul og gjennom luft

me har vore her før

kjem aldri attende hit

mel tidskverni


21 august 2013

akkurat no

akkurat no
blømer august
inn ei verandadør
coltrane spelar ein blues frå 1959
lukt av kanebollar som dei nybakte
tenåringane har mekka
kjenner meg moden
er moden
vaksen
i dette lyset
i dette lyset
i lyset av dette
og lyden
lyden av det som skal
komma

igjen og igjen
liv
død