moldemandag
det er
spennande. spennande å vera jazzmusikar. kjenna på å kasta seg ut på djupt
vatn. eg var på
moldefestivalen elleve år på rad frå 1981 til 1992. så nokre ganger til på
90-talet før det gjekk minst ti år og året 2008 stod eg på scena m. world-jazz
bandet mitt. iår er eg her igjen. eg er for veteran å rekna sjølv om eg ikkje
når opp mot roald helgheim som har vore her kvart år sidan 1979 eller mr.schultze som fortalde at han var her i 1973 og tilbake iår etter 40 år. no er også han del av jazz expo norway. altså
invitert på statlege pengar. til liks med meg. og eg skal også spela. spela først
og fremst. barnaZmoldejazz
moldetirsdag
retroperspektivt
stod eg opp, åt frukost og sette meg på ein buss som tok meg og fleire med ut i
havgapet langs deler av atlanterhavsvegen. borda så eit vikingskip (kopi) der
bukkehornet måtte spelast på. avgangsong. etter ein liten båttur fekk eg på øya
høyra eit inspirerande foredrag av professor aksdal. om jazzlinja i trondheim.
INI og GRTM. interessant å høyra om innstuderingsmetodar som eg har praktisert
i tjue år. ein må stola på øyra - først og fremst. syng først. spel så. lær
musikken, tonane oralt. via øyra. via stemma.
moldemorgon
tredje dag
idag skal
det spelast. slik. eg tek ein stor risk men det må til. fem språk skal snakka
saman for første gang. General Real Time Music. for tsax, bukkehorn, stemme,
piano, bass, trommer, perkusjon. eg gler meg mest og samstundes er det med ei
blanding av skrekk og spenning. som om eg aldri lærer. har lært. etter å ha
spelt så lenge. det handlar kanskje mest om ei indre "redsle" for å
utfordra seg sjølv. igjen og igjen. dette blir ein spennande dag.